Arlene Wilkes () er ein trinidadisk-norsk dansar frå San Fernando på Trinidad, kjent og prislønt som dansar ved norske scenar.
Wilkes gjekk på ballettskule hos norske Jennifer Day i Port of Spain, og vart med Day til Noreg i 1982. Jennifer Day starta Carte Blanche i 1984 og Wilkes var med frå starten og ho foreslo òg namnet (frie hender). Før dette studerte ho eit år ved Statens balletthøgskole. Ho vart norsk statsborgar i 1990.
Wilkes dansa med Oslo Dance Ensemble frå starten i 1993, og til 2003.
Arlene Wilkes budde i Noreg til 2005 då ho returnerte til heimlandet, men kom tilbake til Oslo i 2009 for å spele Tanja i Mamma Mia på Folketeateret. Elles har ho spelt i Offshore i 1998. Eit par framferder i Melodi Grand Prix vart det òg i 2004 og 2006.
Framferder TV Hilde på TV (Norsk bidrag til Montreux-festivalen i 1986 - bronserosa) Snørreliv og Stive Snipper (ein cabaret for TV) Metropolis (portrett på koreograf Kjersti Alverberg) Holmenkollen Konsertene (4 produksjonar) TV Ballets : "Spirits", "Dance Macabre" and "Prayer" av Kjersti Alveberg
Musikalar Cats - Det Norske Teatret -1986 The Twelve Penny Opera - Det Norske Teatret -1989 West Side Story (Rosalia/Anita) - Chateau Neuf -1990 Anything Goes - Oslo Nye Teater - 1990 Pal Joey - Oslo Nye Teater -1991 Hair (Jeannie) - Bryggeteater -1992 Crazy for You (Tess) - Oslo Nye Teater -1995 Jungelboken (3 produksjonar) - Bryggeteater og Det Norske Teatret The Red Noses - National Theatret -1996 A Chorus Line (Cassie) - Chateau Neuf - 1996 West Side Story (Anita) - Trøndelag Teater -1997 Robin Hood - turné - 1998 Grease - turné - 1999 Bør Børson - Det Norske Teatret -2000 Jesus Christ Superstar (Mary Magdalene) - Grimstad -2002 Chicago (Velma) - Oslo Nye Teater -2002 Fame - Chat Noir / turné - 2002 My Fair Lady - Oslo Nye Teater - 2003 La Cage aux Folles - Oslo Nye Teater - 2004 Gamle Menn og Engler (i Stavern) - 2005 West Side Story (Anita) - 2006 Jeg Vet En Vind - Galeiscenen i Stavern - 2006 Wildenvey - dager derpå Galeiscenen i Stavern - 2007 Mamma Mia (Tanja) - Folketeateret - 2009
Teater Drama Festival på Det Norske Teateret - 1991 «An Inspector Calls» - 1995 «Mephisto» - 1998 «Den Hemmelege Hagen» Det Norske Teatret - 2010
Premiar Dansekritikerprisen 1995 for sin innsats innan jazzdans Oslo Bys Kulturstipend - 2002 Heddaprisen 2002 for rolla som Velma i Chicago
Kategori:Norske dansarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Trinidadarar Kategori:Vinnarar av Heddaprisen