Morten Wilhelm Wilhelmsen, eller berre Wilh. Wilhelmsen () var ein norsk skipsreiar, konsul og ordførar frå Tønsberg.
Wilh. Wilhelmsen grunnla i 1861 skipsmeklarfirmaet Wilh. Wilhelmsen. I 1865 vart barken «Mathilde» innkjøpt og starten på det som seinare skulle bli det største reiarlaget i Noreg var eit faktum. I 1886 hadde Wilh. Wilhelmsen vorte den største skipsreiaren i Tønsberg.
Wilh. Wilhelmsen var ordførar i Tønsberg i 1894.
Han vart i 1895 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han vart òg tildelt den franske Æreslegionen.
Han var far til skipsreiarane Wilhelm Wilhelmsen og Halfdan Wilhelmsen som var blant pionerane i overgangen frå seglskip til dampskip.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Wilhelmsen (1839–1910)» frå , den 5. august 2011. oppgav desse kjeldene: The history of Wilh. Wilhelmsen Oscar A. Johnsen: Tønsberg historie, bind 3, 1952–1954 Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
Kategori:Ordførarar i Tønsberg Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Konsular Kategori:Norske skipsreiarar