mini|Byste av Gustav Wied, utført av Elise Brandes i 1908
Gustav Johannes Wied () var ein dansk forfattar. Han var kjent som ein samfunnsrefsar som nytta alle høve til å spidde borgarskapet.
Han voks opp på landet, noko som til ei viss grad avspeglar seg i bøkene hans. Men han kom i særs ung alder til København, der han vart bokhandlarmedhjelpar. Sidan vart han huslærar i Jylland før han igjen kom tilbake til København, der han var timelærer medan han førebudde seg til studenteksamen. Etter gjentekne forsøk klarte han eksamenen i 1887. Han vart så knytt til Dagbladet København, der han fekk publisert dei første tekstane sine. I 1889 fekk han gjeve ut det første verket sitt, En Hjemkost, som han kategoriserte som eit sørgjespel, men deretter følgde verk i den muntre sjangeren på rekkje og rad. En Bryllupsnat frå 1892, skodespel i ei akt, handlar om ei bestemor som vil drepe barnebarnet sitt. Det hausta så stor uvilje at det vart ikkje spelt ferdig ein gong. Barnlige Sjæle frå 1893 blir karakterisert som «en Samling delvis yderst vovede Fortællinger».Gustav Wied hos runeberg.orgs digitaliserte utgåve av Illustreret dansk Literaturhistorie. Danske Digtere i det 19dei Aarhundrede
I dei seinare åra slo han inn på dramatikk og skreiv helst skodespel.
På det siste vart bøkene hans meir upopulære og Wied lei jamleg av kraftige magesmerter. Denne kombinasjonen førte til at han bestemde seg for å «gjere ein ende på det heile». Difor inntok han 24. oktober 1914 ein dødeleg dose cyankalium.
Bibliografi Blant Gustav Wieds verk finn ein mellom andre: En Hjemkomst (eit sørgjespel, skodespel) - 1889 Silhuetter (noveller) - 1891 En Bryllupsnat (skodespel) - 1892 Barnlige Sjæle (novellae) - 1893 Slægten - 1898 (filmatisert i 1978) Livsens ondskab - 1899 (filmatisert som tv-serie i 1971, sendt i 1972) Thummelumsen (skodespel) - 1901 Skærmydsler - 1901 Den gamle Pavillon (skodespel) - 1902 Knagsted - 1902 Dansemus (skodespel) - 1905 Fædrene æde druer - 1908 Circus Mundi (forteljingar) - 1909 Kærlighed - Fire Idyller (skodespel) - 1909 Ærtehalm (skodespel) - 1909 Pastor Sørensen og Co. - 1913 Imellem Slagene (forteljingar og skodespel) - 1914 Digt og virkelighed (erindringar) - 1914
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gustav Wied» frå , den 8. august 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Gustav Wied Selskabet – offisiell nettstad
Kategori:Danske forfattarar