Benjamin Lee Whorf () var ein amerikansk antropolog og lingvist. Han studerte mellom anna nahuatl (aztek) og maya, og medverka til den seinare dechiffreringa av gamle innskrifter ved å påpeike at teikna utgjorde språkteikn. Gjennom studiar av hopi såg Whorf korleis grammatiske kategoriar tilrettelegg tenking om universet, og i samarbeid med Edward Sapir utforma han ein hypotese om styringa til språkstrukturen av tenkinga kalla lingvistisk relativisme, eller Sapir-Whorf-hypotesen, som er mykje omdiskutert.

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske språkforskarar Kategori:USA-amerikanske antropologar