Kaare Strøm () var ein norsk limnolog og reiste faget, som er læra om innsjøar og rennande vatn, som nytt universitetsfag i Noreg. Han vart den første norske professoren innan faget, og oppretta i 1946 Limnologisk institutt ved Universitetet i Oslo, i tillegg til at han markerte seg internasjonalt.

Han tok doktorgraden i 1927 og vart professor i geografi ved Universitetet i Oslo i 1947, og frå 1962 i limnologi. Strøm studerte først ferskvassalgar, og seinare limnologi og geomorfologi. Han undersøkte dei fysiske og kjemiske tilhøva i dei norske innsjøane, samt termikken og geomorfologien deira, og leverte viktige bidrag til studiet av stagnerte vassmassar i det indre av fleire fjordarmar. Han arbeidde òg med spørsmålet om utviklinga av landoverflata i Noreg.

Strøm var formann i Biologisk selskap frå 1934 til 1935, Norsk geologisk forening i 1944–1945 og Norsk geografisk selskap 1948–1949. Frå 1943 var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, der han som 18-åring hadde fått publisert det første vitskaplege arbeidet sitt. Han døydde i 1967 under eit opphald som gjesteprofessor ved Århus universitet.

Utgjevingar (utval) The phytoplankton of some Norwegian lakes, VSK Skr. I 1921 nr. 4, 1921 Norwegian Mountain Algae. An account of the biology, ecology and distribution of the algæ and pelagic invertebrates in the region surrounding the mountain crossing of the Bergen railway, doktoravhandling, DNVA Skr. I 1926 nr. 6, 1926 Hvert fylke sit vaapen i 1930, i BTid. 2.2.1939 Tyrifjord. A limnological study, DNVA Skr. I 1932 nr. 3, 1932 Nordfjord lakes. A limnological survey, ibid. 1932 nr. 8, 1933 Flakevatn. A semi-Arctic lake of central Norway, ibid. 1934 nr. 5, 1934 Bessvatn and other lakes of eastern Jotunheim, ibid. 1935 nr. 4, 1935 Land-locked Waters. Hydrography and bottom deposits in badly-ventilated Norwegian fjords, ibid. 1936 nr. 7, 1936 Hadeland lakes. A limnological outline, ibid. 1941 nr. 7, 1942 Lakes with stagnant deeps. The meromictic lake type in Norway and the question of measuring productivity hypolimnetic oxygen deficit, DNVA Skr. I 1945 nr. 7, 1945 Mandatfordelingen ved stortingsvalg. En utregningsmåte som sikrer forholdsmessighet innen rammen av de nåværende grunnlovsbestemmelser, 1945 Geophysiography. A synthesis of earth sciences, DNVA Avh. I Ny serie nr. 4, 1962

Kjelder

Kategori:Folk frå Nord-Aurdal Kategori:Norske geografar Kategori:Norske limnologar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi