mini|Den Sorte Dame. Den Sorte Dame er sjørøvarskipet til den oppdikta sjørøvaren Kaptein Sabeltann, skapt av Terje Formoe.

Ein modell i full størrelse vart bygd ved Risør Trebåtbyggeri under leiing av Ole Jacob Broch og Ingar Sørensen i 1993 som kulisse til teaterframføringane med Kaptein Sabeltann i Kristiansand Dyrepark. Det var sistnemnde som stod for designet av skuta. Det tok berre tre månader frå bygginga starta til sjøsettinga i Risør. Skipet vart så segla til Kristiansand.

Våren 2005 vart Den Sorte Dame restaurert, og fargen på ansiktet på akterenden vart forandra frå gull til sølv.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Den sorte dame» frå , den 11. september 2011.

Bakgrunnsstoff Magasinet Seilas nr 4, 1994

Kategori:Kristiansand Dyrepark Kategori:Oppdikta skip Kategori:Kaptein Sabeltann