Lewis Allan «Lou» Reed Lou Reed - Walk on the Wild Side: The Stories Behind the Songs, Chris Roberts and Lou Reed, 2004, Hal Leonard, ISBN 0-634-08032-6 () var ein amerikansk rockemusikar, låtskrivar og fotograf. Han var mest kjend som gitarist, vokalist og låtskrivar i The Velvet Underground og for solokarrieren sin, som varte i mange tiår. Sjølv om The Velvet Underground hadde lite kommersiell suksess, hadde gruppa ein trufast tilhengjarskare og har sidan vorte rekna som eit av dei viktigaste banda frå den tida dei heldt på. Som den viktigaste låtskrivaren i Velvet Underground skreiv Reed om personlege tema som sjeldan hadde vorte utforska til då i rock and roll, som seksualitet og dopkultur.
Etter han forlet gruppa, starta Reed ein solokarriere i 1971. Han hadde ein hit året etter med «Walk on the Wild Side». Reed sitt arbeid som soloartist frustrerte kritikarane som ønskte at han skulle vende attende til Velvet Underground. I 1975 gav Reed ut eit dobbeltalbum med feedback-loopar, Metal Machine Music, og kommenterte seinare: «Ingen skal kunne gje ut noko slikt og overleve»"Lou Reed". The Guardian. Henta 1. okt. 2011.
I 2008 gifta Reed seg med songaren og låtskrivaren Laurie Anderson.
Tidleg liv Reed vart fødd inn i ein jødisk familie ved Beth El Hospital i Brooklyn og voks opp i Freeport i Long Island. Han lærte seg å spele gitar frå radio og utvikla tidleg ei interesse for rock and roll og rhythm and blues, og på high school spelte han i fleire band. Den første innspelinga hans var som medlem av ei doo wop-gruppe kalla The Jades.
I 1956 fekk Reed elektrosjokkbehandling som tenåring for å «kurere» biseksualiteten hans. Dette skreiv han om i songen «Kill Your Sons» i 1974.
Reed gjekk inn på Syracuse University hausten 1960 og studerte journalistikk, filmregi og kreativ skriving. I 1961 vart han programleiar for eit radioprogram på WAER kalla «Excursions On A Wobbly Rail». Kalla opp etter ein song av pianisten Cecil Taylor, spelte han typisk doo wop, rhythm and blues og jazz, særleg frijazz utvikla på midten av 1950-åra.David Fricke, liner notes for the Peel Slowly and See box set (Polydor, 1995) Mange gitarteknikkane til Reed, som gitar-trommevirvelen, var inspirert av jazzsaksofonistar som Ornette Coleman. Reed tok eksamen ved Syracuse University's College of Arts and Sciences med ein B.A. i juni 1964.
Diktaren Delmore Schwartz forelas ved Syracuse University og vart ein ven av Reed, og i 1966 vart songen «European Son» frå debutalbumet til Velvet Underground, The Velvet Underground & Nico, tileigna til Schwartz."Velvet Underground and Nico" (1967), album cover notes and record label. I 1982 spelte Reed inn «My House» som ei hyllest til sin avdøde mentor.
Karriere Låtskrivar ved Pickwick Records I 1964 flytta Reed til New York City og starta å arbeide som låtskrivar for Pickwick Records. I 1964 skreiv han ein liten hit med singelen «The Ostrich», ein parodi på dei populære dansesongane på denne tida, med tekstlinjer som «put your head on the floor and have somebody step on it». Arbeidsgjevarane hans følte at songen hadde hitpotensiale og fekk samla eit band for Reed, slik at han kunne spele han inn. Badet vart kalla The Primitives og inkluderte den walisiske musikaren John Cale, som nyleg hadde flytta til New York for å studere musikk og spelte bratsj i låtskrivar La Monte Young sitt Theater of Eternal Music, i lag med Tony Conrad. Cale og Conrad var begge overraska då dei fann ut at for «The Ostrich» hadde Reed stemd alle strengane på gitaren i same tone. Denne teknikken skapte ein borduneffekt liknande eksperimenta i avantgarde-ensemblet til Young. Cale var misnøgd med framføringa til Cale, men var likevel imponert over det tidlege repertoaret til Reed (mellom anna «Heroin»), og eit partnarskap utvikla seg.
The Velvet Underground
Reed og Cale budde i lag på Lower East Side, og etter å ha invitert Reed sine studiekameratar, gitarist Sterling Morrison og trommeslagar Maureen Tucker, med i gruppa, danna dei The Velvet Underground. Sjølv om bandet var internt ustabilt (Cale forlet bandet i 1968; Reed i 1970) og ikkje hadde kommersiell suksess, har bandet vorte rekna som eit av dei viktigaste og mest innverknadsrike banda i rockehistoria.Black, Johnny. Time Machine: Velvet Underground (1997), Mojo Magazine
Gruppa fekk raskt merksemda til kunstnaren Andy Warhol. Noko av det første Warhol gjorde var å ta dei med i Exploding Plastic Inevitable. Dei mange kjenningane til Warhol inspirerte mange av songane til Reed då han fall inn i dette blømande, mangefasetterte kunstmiljøet. Reed gjev sjeldan intervju utan å hylle Warhol som ein mentor. Det vart konflikt i bandet då Warhol fekk ideen om åta inn ei songarinne, den europeiske modellen og songaren Nico. Reed og dei andre bandmedlemmane protesterte med å kalle debutalbumet deira The Velvet Underground & Nico for å syne at Nico ikkje var eit medlem av gruppa. Trass i dette skreiv Reed fleire songar som Nico song, og dei var ei kort stund kjærastar (det same var Nico og Cale seinare). The Velvet Underground & Nico nådde 171. plass på lista i USA.
I dag vert albumet rekna som eit av dei viktigaste rockealbuma som nokon gong er spelt inn. Rolling Stone hadde albumet på 13. plass på lista si over dei viktigaste albuma gjennom tidene. Brian Eno sa ein gong at sjølv om få kjøpte albumet, inspirerte det mange av desse til å danne sine eigne band.BBC-Music Review
Då bandet spelte inn White Light/White Heat hadde Nico forlate bandet og Warhol fekk sparken, begge mot ønska til Cale. Steve Sesnick tok over som manager og overtydde Reed om å drive Cale ut av bandet. Morrison og Tucker likte ikkje avgjersla til Reed, men heldt fram i gruppa. Cale vart erstatta av Doug Yule, som Reed ofte spøkefullt introduserte som den yngre bror sin. Gruppa flytta seg no meir mot pop og vart meir ein reiskap som Reed utnytta til å utvikle låtskrivinga si. Gruppa gav ut to album med denne besetninga: The Velvet Underground i 1969 og Loaded i 1970. Sistnemnde inneheld nokre av dei mest kommersielt suksessrike songane deira, «Rock and Roll» og «Sweet Jane». Reed forlet Velvet Underground i august 1970 og bandet vart oppløyst då medlemmane Sterling Morrison og Maureen Tucker forlet i høvesvis 1971 og 1972. Yule heldt fram bandet til tidleg i 1973 og bandet gav ut eit studioalbum til, Squeeze, som Velvet Underground.
Etter at bandet flytta til Atlantic Records sin Cotillion-etikett, pressa den nye manageren deira Reed til å skrive songar med lettare emne i håp om betre sal. Albumet Loaded tok lengre tid å spele inn enn dei tre førre albuma til saman, men førte ikkje bandet ut til eit større publikum. Reed flytta ei kort stund attende til foreldra på Long Island.
Solokarriere 1970-åra Etter å ha slutta i Velvet Underground i august 1970 tok Reed ein jobb hos skattefirmaet til faren som maskinskrivar, der han tente $40 i veka. Eit år seinare signerte han platekontrakt med RCA og spelte inn det første soloalbumet sitt i London med dyktige studiomusikarar som Steve Howe og Rick Wakeman, medlemmar av rockegruppa Yes. Albumet, som berre heitte Lou Reed, inneheldt glatt produserte, nyinnspelingar av uutgjevne Velvet Underground-songar. Somme av desse hadde vorte spelt inn for Loaded men vart lagt på hylla. Denne første soloplata vart oversett av dei fleste musikkritikarane (sjølv om Stephen Holden i Rolling Stone kalla ho «nesten perfekt») og ho selde heller dårleg.
I desember 1972 gav Reed ut Transformer. David Bowie og Mick Ronson var medprodusentar på albumet og dette introduserte Reed for eit breiare publikum (særleg i Storbritannia). Hitsingelen «Walk on the Wild Side» var ei ironisk, men likevel kjærleg hyllest til rare personar, ludder og transvestittar som ein gong oppheldt seg kring Andy Warhol. Kvar av dei fem versa i songen skildrar ein verkeleg person som hadde vore ein del av The Factory på siste halvdel av 1960-åra: (1) Holly Woodlawn, (2) Candy Darling, (3) «Little Joe» Dallesandro, (4) «Sugar Plum Fairy» Joe Campbell og (5) Jackie Curtis. Den kloke teksten unngjekk sensur på radio. Sjølv om det jazz-aktige arrangementet (ved hjelp av bassisten Herbie Flowers og saksofonisten Ronnie Ross) var musikalsk utypisk for Reed, vart det etter kvart signaturlåten hans. Songen kom til etter at han vart spurt om å lage musikk til teateroppsettinga av romanen til Nelson Algren med same namn, sjølv om skodespelet aldri vart noko av. Arrangementa til Ronson førte inn nye aspekt i songane til Reed. «Perfect Day» har til dømes delikate strykarar og ein svevande dynamikk. Denne vart gjenoppdaga i 1990-åra slik at Reed kunne droppe «Walk on the Wild Side» frå konsertane sine.
Sjølv om Transformer vart den største salssuksessen og den mest kritikarroste plata til Reed, mislikte Reed sterkt skuggen plata kasta over resten av karrieren hans. Ein offentleg krangel mellom Bowie og Reed enda arbeidsforholdet deira i mange år, sjølv om ein ikkje kjenner til årsaka til krangelen. Dei to vart vener at nokre år seinare og Reed spelte med Bowie på 50-årsdagskonserten til Bowie i Madison Square Garden i 1997. Dei to samarbeidde formelt på The Raven i 2003. Reed følgde opp Transformer med den mørkare Berlin, som fortel soga om to narkomane kjærastar i den nemnde byen. Songen omhandlar vald i heimen («Caroline Says I», «Caroline Says II»), dopmisbruk («How Do You Think It Feels»), utruskap og prostitusjon («The Kids»), og sjølvmord («The Bed»). Europaturneen til Reed i 1973 hadde med dei to sologitaristane Steve Hunter og Dick Wagner, miksa hans Berlin-songar med eldre rockesongar.
Etter Berlin kom to album i 1974, Sally Can't Dance og konsertplata Rock 'n' Roll Animal, som inneheld songar frå Velvet Underground-tida som «Sweet Jane» og «Heroin». Rock 'n' Roll Animal vart det bestseljande albumet hans og oppfølgjadne Lou Reed Live, spelt inn same stader i desember 1973, heldt Reed i ålmenta med sterke salstal etter at det kom ut tidleg i 1975.
Som han hadde gjort med Berlin etter Transformer, svarte Reed i 1975 på den kommersielle suksessen med eit kommersielt mislukka album, det doble albumet med elektronisk generert feedback, Metal Machine Music. Kritikarane tolka det som ei hånleg handling, eit forsøk på å bryte ut av kontrakten med RCA eller framandgjere dei mindre sofistikerte tilhengjarane sine. Men Reed hevda at albumet var eit genuint kunstnarisk forsøk, og hevda til og med at ein kunne finne spor av klassisk musikk gravlagd i støyen. Lester Bangs skildra det som «genialt», men òg psykologisk forstyrrande. Albumet vart visstnok gjeven attende til butikkane av mange tusen i vekene etter det kom ut.Lou Reed intervju med Anthony DeCurtis i 92nd Street Y New York den 18. sept. 2006 Sjølv om han seinare innrømde at lista over instrument på plateomslaget var meint som ein parodi, meiner Reed framleis at MMM var meint som eit seriøst album. I 2000-åra vart albumet tilpassa for orkester av det det tyske ensemblet Zeitkratzer.