Grisgrendt er eit område med spreidd busetnad, i motsetnad til tettstader, som er tettbygde stader.

Sverige Den svenske nemninga for grisgrendt er . I somme samanhengar meiner ein med omgrepet «glesbygd» generelt alle område som i hovudsak er tynt folkesette, sjølv om det finst mindre tettstader innanfor desse områda. Glesbygdsverket var tidlegare ein statleg etat som hadde med glesbygdspørsmål å gjere.

Oppgåvene Glesbygdsverket hadde, blei teke over av Myndigheten för tillväxtpolitiska utvärderingar och analyser og Tillväxtverket. Dei definerer 'glesbygd' som eit område som har «mer än 45 minuters bilresa till en tätort med över 3000 invånare» Berre mindre delar av Småland, Öland og Gotland, vestre Svealand, bitar av Roslagen og Bergslagen og størstedelen av Norrlands innland vert å rekne som glesbygd etter denne definisjonen. I tillegg kjem øyar utan fast tilknyting til land, som til dømes Koster og Ven.

Men i røynda blir glesbygd ofte definert litt romslegare, slik at alt som ikkje er tettstad eller tettfolka landsbygd, blir sett på som glesbygd. Små samfunn og stader som har ein demografisk og økonomisk tilbakegang, blir med dette inkludert i omgrepet.

Dei kommunane som hadde flest innbyggarar som kunne klassifiserast som glesbygde i 2005 var Öckerö kommun (12 231) Gotlands kommun (10 086) Åre kommun (9827) Pajala kommun (6798) Storumans kommun (6507)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Glesbygd» frå , den 24. mai 2013.

Kategori:Demografi Kategori:Svensk samfunn