Scuol (av latin scopulus, ‘klippe’) er ein kommune i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunesenteret ligg 1290 meter over havet. Kommunen hadde  innbyggjarar i 2010, og eit areal på . Den 1. januar 2015 blei kommunen slått saman med 5 andre kommunar, Ardez, Ftan, Guarda, Sent og Tarasp, til den flatemessig største kommunen i Sveits. Han har no rundt innbyggjarar og eit areal på 439 kvadratkilometer.

mini|venstre|Scuol i Unterengadin

Det offisielle språket er retoromansk, slik det er i heile området Unterengadin, men befolkninga snakkar også sveitsartysk.

Geografi Heile sørsida mot Piz Champatsch er ein del av skiområdet Motta Naluns med totalt 80 km med løyper og 12 heisar, noko som gjer det til eit av dei største skiområda i Sveits.

Kommunen er hovudstad i Inn og høyrer til Suot Tasna kreis. Han er ein kjend kurstad og feriestad og eit handelssenter i Unterengadindalen. Han er den største landsbyen på venstresida av elva Inn. Han består av landsbyen Scuol med delar av Pradella og dan gamle gruvelandsbyen S-charl.

Klima Unterengadin er kjent for sitt solrike klima og er mellom de turraste områda i heile alperegionen. Hovudmengda av nedbøren kjem om sommaren, mens februar er den turraste månaden. Området har lite fønvind, så det er jamnast ein del snø om vinteren.

Bygningar Den seingotiske kyrkja St. Georg er frå 1516. Bydelen Scuol Sot har gamle og velhaldne bustadhus.

Samferdsle Scuol er austleg endestasjon på den engandinske delen av Rhätische Bahn, eit smalspora jarnbanenett i Graubünden.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Scuol» frå , den 13. oktober 2011. Denne artikkelen bygger på «Scuol» frå , den 30. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Turisme Scuol sjukehus

Kategori:Kommunar i Graubünden Kategori:Vintersportstader i Sveits Kategori:Kurstader i Sveits