Carnoustie er ein by i regionen Angus i Skottland. Han har kring 11 500 innbyggjarar.

Han er særleg kjent for Carnoustie Golf Club. Ein spelte visstnok golf der alt i 1527, medan den tidlegaste referansen til golf i St. Andrews er frå 1552.

På byrjinga av det 1900-talet vart byen ein kurstad, då det kom på moten å reise til sjøen for å få frisk luft og bade i saltvatn. Dette førte til enorm aktivitet, som vart avbrote av utbrotet av første verdskrigen i 1914. Etter slutten til krigen i 1918 tok turistnæringa seg opp att, og i dag er turisme særs viktig for byen. Særs mange av dei som kjem dit no er på golfferie; då det etter andre verdskrig vart mogleg å reise på billege pakketurar til varmare strøk var det få som valde å leggje strandferie så langt nord.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carnoustie» frå , den 27. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Angus