Giuseppe Peano () var ein italiensk matematikar, logikar og lingvist.

Han var professor ved universitetet i Torino frå 1890. Namnet til Peano først og fremst knytt til Peano-aksioma, som gjev ein aksiomatisk definisjon av dei heile positive tala, samt den såkalla Peano-kurva, som gjev ei kontinuerleg avbilding av eit linjestykke på eit kvadratisk flatestykke, slik at eit kvart punkt i kvadratet kjem fram som biletet av nøyaktig eitt punkt på det gjevne linjestykket. Kurva fyller derfor heile kvadratet. Peano skapte òg det internasjonale hjelpespråket Latino sine flexione, som han sjølv nytta i skriftene sine.

Kjelder Giuseppe Peano. (2011-11-14) I Store norske leksikon.

Kategori:Folk frå Cuneo Kategori:Italienske matematikarar Kategori:Italienske filosofar Kategori:Språkskaparar Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet