The Rolling Stones er eit engelsk rockeband som vart danna i 1962 i London då multiinstrumentalisten Brian Jones og pianisten Ian Stewart slo seg saman med vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards. Bassisten Bill Wyman og trommeslagaren Charlie Watts var dei andre medlemmane i den første utgåva av gruppa. Stewart, som ikkje vart rekna som passande som tenåringsidol, vart offisielt fjerna frå bandet i 1963, men heldt fram å jobbe for bandet som turnemanager og keyboardist fram til han døydde i 1985.
Dei tidlege innspelingane til bandet var hovudsakleg amerikanske blues- og R&B-songar. Dei oppnådde tidleg suksess i Storbritannia og vart så populære i USA under «den britiske invasjonen» tidleg i 1960-åra. Jagger og Richards danna tidleg eit låtskrivarpartnarskap og tok gradvis over leiinga i bandet frå den stadig meir urolege og ureknelege Jones. Singelen deira «(I Can't Get No) Satisfaction» i 1965 etablerte The Rolling Stones som eit av dei fremste rock and roll-gruppene i verda. Frå og med albumet Aftermath frå 1966, starta Jagger og Richards, med hjelp av dei instrumentale eksperimenta til Jones, å skape meir varierte songar innanfor fleire stilartar. Jones døydde i 1969, kort tid etter han vart sparka frå bandet, og vart erstatta av Mick Taylor. Taylor spelte inn fem studioalbum med The Rolling Stones før han gav seg i 1974. Tidlegare Faces-gitarist Ronnie Wood kom så inn i bandet, og har vore med sidan. Wyman forlét the Rolling Stones i 1993 og bassisten Darryl Jones, som ikkje er eit offisielt medlem av gruppa, har teke over for han sidan 1994.
The Rolling Stones har gjeve ut 22 studioalbum i Storbritannia (24 i USA), åtte konsertalbum og mange samlingar. Totalt har dei seld over 200 millionar plater over heile verda.«Everything is turning to gold», Platesalet til The Rolling Stones. Det siste albumet deira, A Bigger Bang, kom i 2005. Sticky Fingers (1971) starta ei rekkje på åtte påfølgjande album som nådde toppen av albumlista i USA. I 1989 vart The Rolling Stones innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone dei på 4. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene. Det lurvete og ungdommelege imaget deira er noko mange musikarar framleis prøve å ta etter.
Historie Tidleg historie Tidleg i 1950-åra var Keith Richards og Mick Jagger klassekameratar ved Wentworth Primary School i Dartford i Kent. Dei møtte kvarandre igjen i 1960 medan Richards gjekk på Sidcup Art College. Richard minnest dette: «Eg var framleis på skulen og han skulle gå på London School of Economics... Så eg tok eit tog ein morgon, og der var Jagger. Under armen sin hadde han fire eller fem album. Han hadde Chuck Berry og Muddy Waters». Med den felles venen deira Dick Taylor (seinare i Pretty Things), danna dei bandet Little Boy Blue and the Blue Boys. Samstundes var Brian Jones og pianist Ian Stewart aktive i R&B-miljøet i London og spelte med Cyril Davies og Alexis Korner. Jagger og Richards møtte Jones då han spelte slidegitar i Korner-bandet Blues Incorporated. Korner leigde stundom òg Jagger og den framtidige Stones-trommisen Charlie Watts. Den første øvinga deira vart organisert av Jones og inkluderte Stewart, Jagger og Richards. Richards hadde vorte invitert av Jagger. I juni 1962 var bandmedlemmane Jagger, Richards, Stewart, Jones, Taylor og trommeslagar Tony Chapman. Taylor forlet gruppa. Jones kalla bandet The Rollin' Stones, etter songen «Rollin' Stone» av Muddy Waters.
1962–1964 Den 12. juli 1962 spelte gruppa sin første formelle konsert ved Marquee Club og stod oppført på plakaten som «The Rollin' Stones». Bandmedlmemmane var Jagger, Richards, Jones, Stewart på piano, Taylor på bass og Tony Chapman på trommer. Jones ønskte av bandet hovudsakleg skulle spele Chicagoblues, men Jagger og Richards førte rock & roll-stilen til Chuck Berry og Bo Diddley inn i bandet. Bassist Bill Wyman kom inn i desember og trommeslagar Charlie Watts månaden etter. Denne rytmeseksjonen skulle vare om lag tretti år.Wyman 2002. s. 40-41, s. 44-45
Den første manageren til The Rolling Stones var Giorgio Gomelsky, og han ordna ein konsert for bandet på hans eigen Crawdaddy Club der bandet vart verande dei neste åtte månadane. Ein ung, og tidlegare publisist for The Beatles, Andrew Loog Oldham signerte bandet til eit managerpartnarskap mellom han og Eric Easton tidleg i mai 1963.Wyman 2002. s. 56-57 (Gomelsky, som ikkje hadde skriftlege avtalar med bandet vart ikkje konferert). George Harrison, anbefalte samstundes Dick Rowe i Decca Records, som er mest kjend for å ha avvist the Beatles, at han burde gje The Rolling Stones ein platekontrakt. Bandet la ut på den første turneen deira i Storbritannia i juli 1963 og spelte dei første konsertane utanfor London den 13. juli på Outlook Club i Middlesbrough.http://picture.stockton.gov.uk/photos/t9532.aspx For dette fekk dei £40 og delte programmet med The Hollies.Middlesbrough Evening Gazette, Fredag 12. juli 1963, side 10"Outlook Club Advertisement", Picture Stockton.
Etter å ha signert The Rolling Stones til ein avtale om å leige lydband hos Decca, fekk Oldham og Easton bandet ut på deira første større britiske turne hausten 1963. Dei stod på programmet som oppvarmarar for amerikanske stjerner som Bo Diddley, Little Richard og The Everly Brothers. Høvet til å studere desse artistane var ein viktig læreprosess for korleis det unge bandet tedde seg på scenen.Wyman 2002. s. 80-83
Før denne turneen, i juli 1963, gav bandet ut den første singelen sin, ei utgåve av Chuck Berry-songen «Come On», som nådde 21. plass i Storbritannia. I november 1963 fekk the Rolling Stones ein større hit med ei utgåve av Lennon/McCartney-songen «I Wanna Be Your Man», som gjekk til 12. plass på den britiske salslista.
Oldham skapte imaget til bandet som langhåra bråkmakarar for å vere det motsette av det the Beatles gjorde. Bandet turnerte kontinuerleg Storbritannia og hadde fleire framsyningar på TV. Den neste singelen deira, ei oppjaga utgåve av Buddy Holly-songen «Not Fade Away», nådde tredjeplassen i Storbritannia.
Det første albumet deira The Rolling Stones, (i USA gjeve ut som England's Newest Hit Makers) bestod hovudsakleg av songar frå andre artistar som dei brukte å spele på konsertane på denne tida. LP-en inneheldt òg Jagger/Richards-songen «Tell Me (You're Coming Back)» - og to songar tilskriven Nanker Phelge, namnet dei nytta for songar laga av heile gruppa.
Den første amerikanske turneen til The Rolling Stones i juni 1964 var i følgje Bill Wyman ei katastrofe, sidan dei ikkje hadde gjeve ut musikk i landet enno.Wyman 2002. s. 126 Då dei spelte på TV-showet til Dean Martin, The Hollywood Palace, gjorde Martin narr av både håret og framføringa deira.«The Hollywood Palace» , TV.com Under turneen fekk dei tid til ei to dagar lang innspeling i Chess Studios i Chicago, der mange av dei musikalske heltane deira spelte inn musikken sin.Wyman 2002. s. 128-129 Her spelte dei inn det som skulle verte den første songen til The Rolling Stones på toppen av den britiske salslista, utgåva deira av Bobby og Shirley Womack sin «It's All Over Now».Wyman 2002. s. 137
På den andre amerikanske turneen deira hausten 1964, spelte bandet like etter James Brown på The TAMI Show som vart filma og vist på kino. Her var fleire band som medverka i den britiske invasjonen. Den 25. oktober spelte bandet òg på The Ed Sullivan Show. Sullivan reagerte på kaoset the Stones skapte og lovde å aldri la dei spele på showet igjen,Wyman 2002. s. 154 men hadde dei likevel med på showet fleire gonger seinare. Det andre albumet deira, som berre kom ut i USA, 12 X 5, vart gjeve ut under denne turneen. Dette albumet inneheldt òg hovudsakleg coverversjonar, samt eit par songar av Jagger/Richards og Nanker Phelge.
Den femte singelen til The Rolling Stones i heimlandet, ei utgåve av Willie Dixon sin «Little Red Rooster» med «Off the Hook» (Nanker Phelge) på baksida, kom ut i november 1964 og vart den andre førsteplassen deira i Storbritannia, noko som var ei bragd for ein bluessong. Det amerikanske distribusjonsselskapet til bandet (London Records) nekta å gje ut «Little Red Rooster» som singel der, truleg på grunn av dei seksuelle overtonane i songen.Wyman 2002. s. 158 I desember 1964 gav London Records ut den første singelen med Jagger/Richards-songar på begge sidene: «Heart of Stone» med «What a Shame» som B-side. Singelen gjekk til 19. plass i USA.Wyman 2002. s. 159
1965–1969 Det andre albumet til bandet i Storbritannia, The Rolling Stones No. 2, kom ut i januar 1965 - og gjekk til toppen av albumlista. Den amerikanske utgåva, som kom i februar vart kalla The Rolling Stones, Now! og gjekk til femteplass her. Det meste av innhaldet på albuma vart spelt inn i Chess Studios i Chicago og RCA Studios i Los Angeles.Wyman 2002. s. 164-165, s. 171 I januar-februar 1965 turnerte bandet i Australia og New Zealand for første gong, i alt 34 konsertar for om lag 100 000 tilhengjarar.Wyman 2002. s. 166
Den første Jagger/Richards-songen som nådde førsteplassen i heimlandet var «The Last Time» (februar 1965). Singelen gjekk til niandeplass i USA og var den første singelen av tre som nådde førsteplassen på VG-lista i Noreg. Den første internasjonale hitten deira, som nådde førsteplassen i fleire land, mellom anna Noreg, var «(I Can't Get No) Satisfaction». Han var spelt inn i mai 1965 under den tredje nordamerikanske turneen til bandet. Singelen kom ut i juni 1965 og etablerte the Stones som eit verdskjend band.Wyman 2002. s. 187 Den amerikanske utgåva av albumet Out of Our Heads (juli 1965) nådde òg førsteplassen. Han inneheldt sju originale songar (tre av Jagger/Richards og fire tilskriven Nanker Phelge).Wyman 2002. s. 195 Den andre internasjonale hitten deira, «Get Off of My Cloud» kom ut hausten 1965, etterfølgd av eit album, som berre kom ut i USA, December's Children.
Aftermath (#1 i Storbritannia, #2 i USA) kom ut seint på våren 1966 og var det første Rolling Stones-albumet som berre inneheldt songar komponert av Jagger/Richards. Jones medverka med eksotiske instrument og la mykje nytt til bandet sitt lydbilete. Den amerikanske utgåva av albumet inneheldt bestseljaren «Paint It Black», som var påverka av arabisk musikk, balladen «Lady Jane» og den nesten 12 minuttar lange «Going Home», den første lange jammen på eit bestseljande rockealbum. Seinare skulle Jimi Hendrix, Cream og andre band utover 60- og 70-åra gje ut slike lange songar regelmessig.
Salet av singlar nådde eit høgdepunkt for the Stones i 1966. «19th Nervous Breakdown» (februar 1966, #2 i Storbritannia og USA) vart etterfølgd av den første transatlantiske førsteplassen deira, «Paint It Black» (mai 1966). «Mother's Little Helper» (juni 1966) vart gjeve ut på singel i USA, der han nådde åttandeplass. Han var ein av dei første popsongane som tok opp temaet narkotikamisbruk, og er òg kjend for at Jagger song teksten med den naturlege London-aksenten sin, i motsetnad til den meir amerikanske aksenten han nytta på tidlegare innspelingar.
I september 1966 kom singelen «Have You Seen Your Mother, Baby, Standing In The Shadow?» (#5 i Storbritannia, #9 USA). Dette var den første songen til Stones der det vart nytta blåsarar, baksidebilete på omslaget viste gruppa satirisk kledd som transvestittar og det vart laga ein av dei første musikkvideoane nokon gong, regissert av Peter Whitehead.