Anser er ei biologisk slekt av åtte artar «grå gjæser», vassfuglar i andefamilien Anatidae. Slekta har ein holarktisk distribusjon, med minst éin art hekkar i eit ope, vått habitat i subarktiske og kjølige tempererte strøk på den nordlege halvkula om sommaren. Nokre hekkar òg vidare sørover, og inn i varme tempererte regionar. De fleste trekkjer sørover om vinteren, vanlegvis til regionane i den tempererte sona.
Artane i slekta varierer i storleik frå den største, sædgås, på opptil 88 cm, og den minste, dverggås, på 54 til 66 cm. Alle har bein og føter som er rosa eller oransje, og nebb som er rosa, oransje eller svart. Alle har kvite under og øvre haledekkfjører, og fleire har ei viss grad av kvitt på hovudet. Halsen, kroppen og vengene er grå eller brune, med svarte eller gråsvarte handsvingfjører og ofte òg armsvingfjører. Dei nært nærskylde gjæsene i slekta Branta er ulike ved å ha svarte bein, og generelt mørkare fjørdrakt.
Artslista Anser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: NamnVitskapleg namnEngelsk namnStatusAutorUtbreiing etter Handbook of the Birds of the World Alive.StripegåsA. indicusBar-headed GooseLCLatham, 1790Hekkar i åtskilte område i sentrale Asia, særleg Tibetplatået og Mongolia. Overvintrar sør for Himalaya i Pakistan, India, Bangladesh, Myanmar og Thailand.KeisargåsA. canagicaEmperor GooseNTSevastianov, 1802SnøgåsA. caerulescensSnow GooseLCLinné, 1758EskimogåsA. rossiiRoss's GooseLCCassin, 1861GrågåsA. anserGraylag GooseLCLinné, 1758mini|venstreEurasia frå Island i vest austover gjennom Europa, Kasakhstan, Mongolia, nordlege Kina, sørlege Russland inn i Khabarovsk kraj lengst aust. Overvintringsområde òg frå Portugal og nordlege Marokko i vest, Irak, Iran, fra Afghanistan austover gjennom nordlege India, Myanmar og gjennom sørlege Kina til Gulehavet.SvanegåsA. cygnoidesSwan GooseVULinné, 1758Hekkar i oppstykka område i Sentral-Asia, vesentleg Mongolia, Indre Mongolia og Heilongjiang i Kina, aust til nordre Sakhalin. Overvintrar i Søraust-Kina og på Koreahalvøya.TundragåsA. albifronsGreater White-fronted GooseLCScopoli, 1769Nordvestre, sentrale og søraustre Europa, Sørvest-Asia, Pakistan, nordlege India og austlege Kina. Stillehavskysten av Asia, Japan; vestlege Amerika (California og Mexico), sørvestre USA og i Mexico, hekkebestanden på Grønland overvintrar på Dei britiske øyane.DverggåsA. erythropusLesser White-fronted GooseVULinné, 1758Hekkar fragmentert i eit smalt band frå nordre og indre Skandinavia, Nord-Finland, Kola-halvøya og tvers over Sibir til stillehavskysten. Overvintrar i sentrale og søraustlege Europa, aust til Iran og inn i søraustre Kina, Korea og Japan.SædgåsA. fabalisTaiga Bean-GooseLCLatham, 1787Nordlege Eurasia frå nordlege Fennoskandia gjennom heile nordlege Russland i Europa og asiatisk Russland til Stillehavet, dels inn i nordlege Mongolia og inn i Heilongjiang i nordaustleg Kina. Overvintringsområde spreidd i Europa, sørlege Kasakhstan, austlege Kina, Koreahalvøya og Japan. Arten sitt hekkeområde i Noreg er avgrensa til indre Finnmark.TundrasædgåsA. serrirostrisTundra Bean-GooseNRSwinhoe, 1871A. s. rossicus: Russisk taiga frå Kaninhalvøya til Tajmyrhalvøya, overvintrar i vestre og sentrale Europa og Sørvest-Asia. A. s. serrirostris: Frå Lena i Sibir omtrent til Anadyrplatået i Tsjukotka, Sibir.KortnebbgåsA. brachyrhynchusPink-footed GooseLCBaillon, 1834Hekkar på Nordaust-Grønland, i Island og på Svalbard. Overvintrar i Storbritannia, kystområda i Belgia, via Nederland, kystområda av vestlege Tyskland og inn i vestlege Danmark. Utbreiing i Noreg Svanegås har hatt to observasjonar i Noreg fra og med år 2000 til og med 2015. Stripegås har blitt observert meir enn 1000 gongar etter tusenårsskiftet. Kortnebbgås hekkar på Svalbard og passerer Fastlands-Noreg under trekket. Sædgås, dverggås og grågås er hekkefuglar i Fastlands-Noreg.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Anser (bird)» frå , den 4. desember 2011
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Andefamilien Kategori:Fugleslekter