Raidet på Grand Pré var den største hendinga under ein ekspedisjon leia av oberst Benjamin Church frå Ny-England mot franske Acadia i juni 1704 under Dronning Anne-krigen. Ekspedisjonen var eit hemntokt for det franske og indianske raidet mot grensesamfunnet Deerfield i Massachusetts tidlegare det året.

Dei la ut frå Boston den 25. mai 1704 med 500 militssoldatar frå provinsen og nokre indianske allierte. Ekspedisjonen nådde Minas Basin den 24. juni, etter å ha raida nokre mindre busetnader i Penobscot Bay og Passamaquoddy Bay. Sjølv om han mista overraskingsmomentet på grunn av det høge tidvatnet i Bay of Fundy, fekk Church raskt kontroll over Grand Pré, og brukte tre dagar på å øydeleggje byen, samt prøve å øydeleggje dike som verna den oppdyrka jorda. Saltvatnet strøymde inn over jordbruksmarkene, men dei lokale acadiarane var raske med å reparere dika så snart fienden var borte, og landet kunne nyttast vidare til jordbruk. Church heldt fram ekspedisjonen sin og slo til mot Beaubassin og andre samfunn før han vendte attende til Boston seint i juli.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Raid on Grand Pré» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Grand Pre 1704 Grand Pre 1704 Grand Pre 1704 Kategori:Konfliktar i 1704 Kategori:Historia til Nova Scotia Kategori:1704 i Nord-Amerika