Ingmund Holtås () var ein norsk langrennsløpar frå Evenskjer i Skånland.
Holtås vann to bronsemedaljar i noregsmeisterskap, begge på 50-kilometeren. Den fyrste kom i 1960, berre noregsmeisteren Reidar Andreassen og Sverre Stensheim gjekk fortare. To år seinare vart det ny bronse, Harald Grønningen kapra gullet, Stensheim fekk eit nytt sølv. Sesongen i mellom, 1961, vart Holtås saman med Arne Jensen og Alf Storelvmo noregsmeistrar i 3 x 10 km stafett for BUL i Oslo.
Internasjonale renn Holtås var ikkje med i langrennstroppen til vinterolympiaden i Squaw Valley i 1960. To år seinare deltok han på femmila under verdsmeisterskapen i Zakopane, men braut løpet. Hans største prestasjon i internasjonale tevlingar var tredjeplassen på 50-kilometeren i Holmenkollen i 1960, der nest ein tiandeplass på same distansen same året i Lahti.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1957: Nr 8 på 15 km i Mo i Rana Ski-NM 1958: Nr 4 på 15 km i Oslo Ski-NM 1959: Nr 9 på femmila i Porsgrunn Ski-NM 1960: Bronsemedalje på femmila på Fåberg Ski-NM 1961: Nr 5 på femmila i Trondheim Ski-NM 1962: Bronsemedalje på femmila i Skien Ski-NM 1964: Nr 9 på femmila i Bærum Ski-NM 1965: Nr 12 på femmila i Bærum
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Folk frå Skånland