William Bradford Shockley () var ein amerikansk fysikar.
I 1956 mottok han Nobelprisen i fysikk, saman med John Bardeen og Walter Houser Brattain, for å ha oppfunne transistoren.
Han var tilsett ved Bell Telephone Co. sitt laboratorium frå 1936 til 1942 og frå 1945 til 1955, då han vart direktør for Shockley-laboratoriet for elektriske halvleiarar ved Beckman Instruments, Inc., California, og frå 1963 til 1975 professor ved Stanford University. Shockley har gjeve viktige bidrag til forståinga av fysikalske tilhøve i elektriske halvleiarar. Han var leiar av den forskingsgruppa ved Bell-laboratoria som utvikla den første transistoren (spisskontakt-transistoren) i 1947 og flatekontakt-transistoren i 1951.
Shockley er òg kjend for undersøkingar av ferromagnetisme og av metall sine plastiske eigenskapar. Han har utgjeve mange vitskaplege og tekniske publikasjonar. Mest kjend er boka Electrons and Holes in Semiconductors.
Kjelder
William Shockley. I Store norske leksikon. Delar av artikkelen bygger på «William Shockley» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå London Kategori:Folk frå Palo Alto Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:USA-amerikanske oppfinnarar Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet