Apollo et Hyacinthus er ein opera, K. 38, skriven i 1767 av Wolfgang Amadeus Mozart, som var 11 år på den tida. Det var den første verkelege operaen til Mozart (om ein reknar Die Schuldigkeit des ersten Gebotes som eit kyrkjeleg drama). Han er i tre akter og som namnet indikerer er ha basert på gresk mytologi som fortalt av den romerske diktaren Ovid i meisterverket sitt Metamorfosar. Rufinus Widl skreiv librettoen på latin.
Operaen vart først framført den 13. mai 1767 i Den store hallen i Salzburg universitet. Myta følgjer Hyacinthus som døyr då han vart treft i hovudet av ein diskos kasta av Apollo.
Librettisten Rufinus Widl, ein prest, endra historia til Ovid (der Apollo, Zephyrus og Hyacinthus heilt tydeleg har eit homoseksuelt trekantforhold) for å tilpasse det den sosiale standarden på denne tida og flytta det seksuelle begjæret frå Ovid sin Hyacinth til systera Melia.
Roller RolleStemmePremierebesetning13 mai 1767 Oebalus, Kongen av Lacedaemonia tenorMathias Stadler Melia, dottera til OebalusgutesopranFelix Fuchs Hyacinthus, sonen til OebalusgutesopranChristian Enzinger ApollogutealtJohann Ernst Zephyrus, ven av HyacinthusgutealtJoseph Vonterthon Første prest av Apollobass Joseph Bründl Andre prest av ApollobassJakob Moser
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Apollo et Hyacinthus» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Latinspråklege operaer Kategori:Opera seria Kategori:Musikk i 1767 Kategori:Operaer frå 1700-talet