For neset på Grønland, sjå Kapp Farvel
Cape Farewell (Kapp Farvel) er eit nes på New Zealand, og det nordlegaste punktet på Sørøya. Det ligg rett vest for Farewell Spit. Neset vart oppdaga av Abel Tasman, og gjeve namn av den britiske oppdagaren kaptein James Cook i 1770 - det var det siste dei såg av landet då dei starta reisa heim att.
mini|venstre|Cape Farewell Arch sett frå ei utsiktsplattform. mini|venstre|Clifftop walk, utsikt mot nordaust.
Det er eit av dei minst vitja større nesa på New Zealand, på grunn av at det ligg så avsides. «Klippetoppturen» (Clifftop walk), som tek to til tre timar kvar veg langs høgdedraga ved kysten austover, bind området saman med starten av Farewell Spit, og der er fantastisk utsikt mot Tasmanhavet på ei side, mot sanddynene i nordaust og mot dei ruvande klippene og dei berglendte landskapa langs strendene på austsida.
Geologi
Neset og klippene er bygde opp av kvartssandsteinarter frå sein krittid. Erosjonen av klippene til fin sand som vert boren bort av havstraumane har danna Farewell Spit lenger aust.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Cape Farewell, New Zealand» frå , den 22. april 2012.
Kategori:Tasman på New Zealand Farewell