«Driftwood» er ein song frå 1978 av det engelske progrockbandet The Moody Blues. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet Octave, etter «Steppin' in a Slide Zone». Han er skriven av Justin Hayward og er ein langsam kjærleiksballade.

«Driftwood» var den siste singelen til bandet med klaverspelar Mike Pinder, som forlet bandet kort tid før Octave var ferdig av personlege årsaker. Han vart sidan erstatta av tidlegare Yes-medlem Patrick Moraz.

Det vart laga ein musikkvideo til «Driftwood». Videoen syner Patrick Moraz på tangentinstrument, sjølv om det var Mike Pinder som spelar på den faktiske innspelinga. Songen inneheld òg altsaksofon spelt av R.A. Martin, sjølv om det er Ray Thomas som spelar altsaksofon i videoen.

Medverkande Justin Hayward: vokal, akustisk gitar John Lodge: bassgitar Mike Pinder: tangentinstrument Ray Thomas: tamburin Graeme Edge: trommer, perkusjon

Andre medverkande R.A. Martin: horn, altsaksofon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Driftwood (The Moody Blues song)» frå , den 8. mai 2012.

Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar skrivne av Justin Hayward Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Decca Records-singlar