Gråryggstormsvale, Garrodia nereis, er ein sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Han har ei sub-antarktisk, sirkumpolar utbreiing.

Skildring mini|høgre|East of the Tasman Peninsula, Tasmania, Australia Dette er ei mellomstor stormsvale, ca. 18 centimeter med ei gjennomsnittleg kroppsmasse på 35 gram. Fjørdrakta har i korte trekke kvit underside og mørk overside; heile hovudet, halsen og øvre bryst er gråsvart. Undersida av vengene er kvite med mørk innramming, elles er heile undersida kvit. Oversida av venger, rygg og hale er askegrå, med svart band på enden av halen og svart mot enden av vengefjørene. Beina stikk litt bak enden av halefjørene når dei flyg.Heather og Robertson, 2005

Dei lever rundt randen av kontinentalsokkelen og beitar spreidd og pelagisk, tar larver av skjeldyr, krepsdyr, blekksprut og dels òg småfisk. Dei plukkar føda som andre artar i stormsvalefamilien ved å «vandre» på havoverflata. I hovudsak er dei standfuglar utan lange, regelbundne trekk.

Gråryggstormsvaler dannar lause koloniar på isolerte øyar og hekkar på frå Falklandsøyane i vest og austover til øyane rundt New Zealand, slik som på Chatham-øyane. Storleiken på populasjonen er estimert til 200 000 kjønnsmodne individ.

Kjelder BirdLife International (2012) Species factsheet: Garrodia nereis. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mai 2012. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005 Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av gråryggstormsvale hos Internet Bird Collection

Kategori:oseansvalefamilien Kategori:Fuglar i Oseania Kategori:Fuglar i Atlanteren Kategori:Takson namngjevne av John Gould