Kristian eller Christian ()Christian udvalgt Prins frå Dansk biografisk leksikon var nesteldste son av kong Kristian IV og Anna Kathrine og kronprins av Danmark-Noreg. Han vart kalla Den utvalde prinsen, skulle ha overtatt trona etter faren, men døydde nokre månader før han.

mini|venstre|Utsnitt av stikk som viser opptoga på Amagertorv i København under Det store bilager. Etter år med krigar og tilbakeslag ville Kristian IV vise omverda at Danmark framleis var ein maktfaktor. Det store bilager skulle bli ein politisk manifestasjon og var sannsynlegvis det flottaste kongelege bryllaup Danmark har sett.Det store bilager frå Historisk Fællesråd Kristian vart fødd på Københavns slott. Kristian IV ville sikre tronfylgja og fekk stendene og Riksrådet til å velja han som tronfylgjar i 1608 og Kristian vart utropt og hylla som tronfylgjar allereie i 1610, 7 år gamal. Presten og diktaren Claus Christoffersen Lyschander skreiv eit hyllingsdikt til hendinga og dette er den einaste augnevitneskildringa ein kjenner.Carl Bruun: Kjøbenhavn - kap. IX., side 456, Kjøbenhavn under Christian den Fjerde til Freden i Lybæk 1629. På nett hos Eremit.dk Hyllinga gjekk føre seg først i København og deretter i Oslo. Til Oslo kom arveprinsen saman med begge foreldra og hyllinga gjekk føre seg på Hovedtangen 17. juni 1610.Hans Petter Thuesen, side 102

Som vaksen leia han Riksrådet eit par gonger under fråværet til faren og han vart også statthaldar ein kort periode, men det synte seg at han ikkje hadde format til å leia.

Riksrådet pressa på kongen for å få Kristian gift, dei var misnøgd med måten han levde på med stort forbruk av alkohol, historier med ymse kvinner og stor gjeld.

Han gifta seg i 1634 med Magdalena Sibylla av Sachsen, dotter av kurfyrste Johann Georg I av Sachsen. Bryllaupet er kjend som «Det store bilager» (Det store bryllaupet), praktfullt og dyrt. Paret busette seg på Nykøbing slott på Nykøbing Falster, slottet var på denne tida eit velhalde renessanseslott.Nykøbing Slot-Enkedronningens hjem frå Kulturavrv.dk På slottet hadde Kristian ei stor samling av kunst og gjenstandar frå oldtida, mellom anna det store Gallehus-hornet.Den udvalgte prins Christian frå De Danske Kongers Kronologiske SamlingMagdalena Sibyllas guldhorn frå Nationalmuseet Ekteparet fekk ingen born.

Kristian døydde under eit kuropphald i Tyskland 44 år gamal og vart gravlagd i Vor Frue kyrkje i København. I 1655 vart kista flytta til Roskilde domkyrkje.

Referansar

Litteratur Nils Petter Thuesen: Historien om Oslo. Forlaget Historie & Kultur AS, Oslo, 2010. ISBN 978-82-92870-40-2

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske kongelege Kategori:Huset Oldenburg