Hornos-øya (spansk Isla Hornos) er ei lita chilensk øy. Ho er den sørlegaste av Hermite-øyane, heilt sør i øygruppa Eldlandet. Øya er mest kjend for sørspissen; Kapp Horn. Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Ein tenkjer ofte på Hornos-øya som den sørlegaste øya i Sør-Amerika, men Diego Ramírez-øyane ligg lengre sør.

På øya har Chile ein marinestasjon som består av nokre få driftsbygningar, eit kapell og eit fyrtårn. På øya står også ei minnestøtte med eit stort albatross-symbol, til minne om dei som døydde medan dei prøvde å runda Kapp Horn. Øya ligg i Cabo de Hornos nasjonalpark.

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Hornos Island» frå , den 14. juni 2012.

kategori:Eldlandet kategori:Región de Magallanes y de Antártica Chilena kategori:Øyar i Chile