mini|Vladivostok og Det gylne horn-bukta.

Vladivostok (russisk Владивосто́к) er administrativt senter i Primorskij kraj i Russland. Byen ligg ved Japanhavet lengst søraust i Russland, rundt 6500 km aust for Moskva og berre 100 km frå grensa til Kina.

Han har om lag 580 800 innbyggjarar.Publikasjonen Innbyggjartal for administrative einingar i Russland 1. januar 2007 (av ROSSTAT) Innbyggjartalet har vore fallande heilt sidan Sovjetunionen vart oppløyst. Byen er òg senter for ein byregion (Stor-Vladivostok) med 1 010 000 innbyggjarar (est. 2005).

Vladivostok er den største hamnebyen i landet ved Stillehavet og den russiske Stillehavsflåten har hovudbasen sin her. Jernbanestasjonen i byen er endestasjon for den transsibirske jernbanen. Namnet kan omsetjast med 'herskar av Austen'.Erika Fatland: Grensen - En reise rundt Russland gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kashakstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Hviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Norge, samt Nordøstpassasjen side 123

Historie Tidleg historie Ved starten av vår tidsrekning var området som no er Vladivostok busett av det tungusiske mohe-folket, som var underlagt kongedømet Koguryo, eit av dei tre koreanske rika på den tida. Koguryo vart erobra og delt i 668 og Vladivostok-området vart underlagt kongedømmet Balhae (i Kina kjend som Bohai).FEGI.ru «Bohai-riket (698-926)» (russisk) Balhae vart erobra av khitanane i 926. I 1125 vart det khitanske Liao-dynastiet erobra av dei tungusiske jursjenarane, grunnleggjarane av Jin-dynastiet som varte til dei vart erobra av mongolane i 1234. Jursjenane var etterkomarar av det tidlegare mohefolket (og forfedrar til folket som frå 1600-talet vart kjent som mandsjuar).

I følgje kinesiske kjelder på denne tida var kystområda rundt dagens Vladivostok tett folkesette. Ifølgje kart frå Yuan-dynastiet (1271-1368) låg byen Yǒngmíngchéng (永明城, som kan omsetjast som «det evige lyset sin by») på omtrent same stad som Vladivostok. Dette er stadfesta av mange arkeologiske funn og ifølgje kinesiske krøniker vart territoriet avfolka på grunn av krigar mellom Kina og Korea.

Under Ming-dynastiet (1368-1644) vart området igjen vitja av kinesiske ekspedisjonar. I Nertsjinsk-traktaten frå 1689 vart området definert som ein del av Kina, som då var under det mandsjuiske Qing-dynastiet. Seinare, då mandsjuane forviste Han-kinesarar frå mesteparten av Mandsjuria inkludert Vladivostok-området, vart det berre vitja av shēnzéi (參賊, tyder anten ginseng- eller sjøpølse-tjuvar) som tok seg inn i området ulovleg på jakt etter ginseng eller sjøpølser (tvitydig ettersom begge uttrykka nyttar det kinesiske 參, shēn). Frå her kjem det noverande kinesiske namnet på byen, 海參崴 (Hǎishēnwǎi) som tyder 'byen ved sjøpølseklippene'.

Dei første europearane ein sikkert veit vitja bukta som seinare vart kalla Zolotoj Rog (Det gylne horn-bukta), var to engelske fregattar, «Winchester» og «Barracouta», i 1855. Fregattane var i området for å leite etter ein russisk skvadron under Krimkrigen. Engelskmennene kalla staden Port May. Eit fransk kvalfangstskip, som i 1852 overvintra i Posietbukta like ved grensa til Nord-Korea, skal ifølgje enkelte kjelder ha vitja Zolotoj Rog-bukta alt i 1851.FEGI.ru «Vladivostok si historie» (russisk) Franskmennene fann fleire hytter til kinesiske eller mandsjuiske fiskarar i området.

Russisk kontroll mini|Korvetten «Amerika» i Zolotoj Rog i 1859.

Området vart avstått til Russland frå Kina som følgje av Aiguntraktaten av 1858 og Pekingkonvensjonen av 1860.

Sommaren 1859 vitja generalguvernøren for Aust-Sibir, Nikolaj Muravjov-Amurskij, halvøya og den godt skjerma bukta i Peter den store-bukta, om bord i dampkorvetten «Amerika». Bukta minna han om Det gylne hornet i Konstantinopel, som han føreslo å kalle ho opp etter. Halvøya vart kalla Muravjov-Amurskij til ære for han.

20. juni 1860 stemna det militære forsyningsskipet «Mantsjzjur» (russisk Маньчжур), under kommando av kapteinløytnant Aleksej Sjefner, inn i Det gylne horn-bukta for å grunnleggje ein militær utpost, som alt hadde fått Vladivostok som offisielt namn. Ein styrke på 40 mann (ein offiser, to korporalar og 37 meinige) vart henta med skip frå Nikolajevsk-na-Amure for å byggje dei første bygningane i den framtidige byen. Dei valde ut ein stad der innseglinga til Gylne horn-bukta alltid var synleg, der dei bygde leiren sin. Ein månad seinare kom korvetten «Griden» (russisk Гридень) med oppdrag å verne den nye utposten og å bringe nye forsyningar til garnisonen.

I 1862 fekk Vladivostok offisielt endra status frå utpost til hamn og for å oppmuntre til utanlandshandel fekk han status som frihamn. I 1863 vart det første barnet født i byen. I 1864 vart kommandoen over Dei sørlege hamnene flytta frå Nikolajevsk-na-Amure til Vladivostok. Eit år seinare vart eit skipsverft etablert i Vladivostok og dei første nybyggarane frå Nikolajevsk-na-Amure kom til byen. Utlendingar byrja òg å vitje Vladivostok. I 1871 vart det avgjort at marinehamna, militærguvernøren sin residens og hovudbasen til Den sibirske militære flotiljen skulle flyttast frå Nikolajevsk-na-Amure til Vladivostok.

Den første gata i Vladivostok var Amerikanskajagata (ул. Американская) i 1871, som fekk namnet til minne om den tidlegare nemnde korvetten «Amerika». To år seinare vart namnet endra til Svetlanskajagata (ул. Светланская), til minne om fregatten «Svetlana», som storhertug Aleksej Aleksandrovitsj av Russland vitja Vladivostok med. På den tida bestod ho av ein del av dagens Svetlanskajagate, frå Amurbukta til hus nr. 85. Dei øvrige delane av byen vart sett på som separate gater og vart kalla Portovaja (Портовая), Afanasjevskaja (Афанасьевская), Ekipazjnaja (Экипажная), osv.

mini|Ussuribanen frå Vladivostok i sør til Khabarovsk i nord. Banen som går aust-vest er den opphavlege traseen til den transsibirske jernbanen gjennom Mandsjuria. I 1878 var 40 % av dei over 4 000 innbyggjarane i Vladivostok utlendingar. Dette vart reflektert i gatenamna til den unge byen, som til dømes Korejskaja (Korea), Pekinskaja (Peking), Kitajskaja (Kinesar), osv. Dei noverande gatenamna er Pogranitsjnaja (ул. Пограничная), Admirala Fokina (ул. Адмирала Фокина) og Okeanskij Prospekt (Океанский проспект).

I 1879 vart det etablert ei fast dampskiprute frå Vladivostok til St. Petersburg og Odessa. 28. april 1880 vart Vladivostok offisielt utnemnd som by og som ei separat administrativ eining, sjølvstendig frå Primorskij oblast. På den tida var det 7 300 innbyggjarar i byen, nesten dobbelt så mange som i 1878. Det var tre hotell i drift i Vladivostok på den tida, Moskva, Vladivostok og Hotel de Louvre. 16. mars 1883 godkjende tsar Aleksander III det første byvåpenet til Vladivostok.

I 1883 vart òg Omflyttingsadministrasjonen etablert i Vladivostok og dampskip frå Den frivillige flåten byrja ein massetransport av småbønder frå den europeiske delen av Russland til Russisk fjerne austen, der aktiv nybygging nyleg hadde starta. Vladivostok vart hovudsenter for denne skipsfarten. Dette medførte at byen vart viktigare. I 1888 vart residensen for oblastguvernøren flytta frå Khabarovsk til Vladivostok, som vart utnemnd til senter for Primorskij oblast. I 1889 vart Vladivostok utnemnd som festning og to torpedobåtar vart sjøsett. Eit gjennomtenkt system av festningsverk vart oppført mellom 1870- og 1890-åra.

På 1880-talet vart kulturlivet i Vladivostok meir aktivt og det vart starta ein musikkskole ved depoet til den sibirske flåten. I 1883 kom den første avisa, Vladivostok, ut. I 1887 vart ein offentleg lesehall opna i byen og eit profesjonelt teater opptredde i Vladivostok for første gong. Byen starta etter kvart å skaffe seg alle moderne fasilitetar. Tre vart planta langs hovudgatene og 120 parafindrivne gatelamper vart installerte i gatene i byen.

På slutten av 1880-talet hadde Vladivostok rundt 600 trehus og meir enn 50 steinbygningar, der nokre var to- og treetasjes bygningar. Dei viktigaste bygningane var samla i området ved dagens sentrale torg og Matrosskaja Sloboda (Seglarbyen)—eit territorium som strekkjer seg frå elva Objasnenija til trikkestoppestadene Gajdamak. Desse tala er ikkje spesielt store for ein 30 år gammal by. Men med tanke på at han ligg 10 000 km frå dei store kulturelle sentera i Det russiske imperiet og at det tok tre til fire månader før posten kom fram frå desse områda, så er det likevel imponerande.

På 1890-talet vart skipsrutene Kobe–Nagasaki–Vladivostok og Shanghai–Nagasaki–Vladivostok opna. I 1891 starta bygginga av Den transsibirske jernbanen i Vladivostok. Dette er ein av dei lengste jernbanane i verda, og har vore særs viktig for utviklinga av mange fjerntliggande russiske distrikt. Strekning til Nikolsk (dagens Ussurijsk) vart opna i 1893, medan resten av Ussuribanen til Khabarovsk i nord vart opna i 1897, same år som det vart opna ei ny kommersiell hamn i Vladivostok. Direkte togsamband til Moskva, som den første tida gjekk gjennom Mandsjuria, starta i 1903.

På 1890-talet vart Vladivostok gradvis senter for ein konsentrasjon av russisk kultur og vitskap i Fjerne Austen. Byen var organisasjonssenter for ekspedisjonane til russiske utforskarar og vitskapsmenn, som N. M. Przjevalskij, S. O. Makarov, K. Arsenjev, V. L. Komarov (seinare president i Det sovjetiske vitskapsakademiet), mfl. I 1899 vart den første institusjonen for høgare utdanning i Russisk fjerne Austen etablert. I dag inneheld han hovudbygningen til Fjerne Austens statlege tekniske universitet (FESTU).

mini|Gater i Vladivostok rundt 1910.

Frå 1899 til og med 1909 vart fire teater opna i Vladivostok. Det var Tikhy Okean-teateret (Stillehavet), Det offentlege teateret, som følgde dei kreative metodane til Moskva artistiske teater, Zolotoj Rog-teateret og Pusjkin-teateret, der gjesteframsyningar av Vera Komissarzjevskaja, ei kjend russisk skodespelarinne, fann stad. I 1912 kom avisa 'Teateret og musikken' ut for første gong.

Under den russisk-japanske krigen i 1904–1905 gjekk ein japansk skvadron krigsskip til åtak på byen med over hundre skot. Kryssargruppa Vladivostok deltok i krigen, med å blokkere inngangen til den omleira byen Port-Arthur.

Under den første russiske revolusjonen var byen involvert i konflikten. Ved inngangen til 1906 var han til og med styrt av opprørarane sine militære einingar.

I perioden mellom dei to russiske revolusjonane (1907–1917) vart det bygt ein jernbanestasjon i russisk 1600-talssstil, ein kraftstasjon, to jenteskular, handelsskulen og Versailles Hotel. Trikkar starta å operere i gatene. I 1909 vart hamna i alt vitja av 795 dampskip, inkludert 477 utanlandske skip. Det var rundt 3 000 butikkar og forretningar i Vladivostok. I 1913 gav dei lokale forlaga ut 61 forskjellige bøker på russisk og andre språk.

Innan 1917 hadde Vladivostok vorte det største vitskapelege, kulturelle og industrielle senteret i russisk fjerne austen og det austlege Sibir. Mange aviser og magasin vart gjevne ut og den første teaterbygninga i stein vart bygd i byen.

Etter revolusjonen mini|Parade av utanlandske intervensjonsstyrkar i Vladivostok i 1918. mini|Ein plakat frå 1919 av den japanske okkupasjonen av Vladivostok. Legg merke til det russiske flagget som er i et fransk mønster.

Etter Oktoberrevolusjonen i 1917 byrja eit nytt kapittel i historia til Vladivostok, som det gjorde for resten av Russland. Væpna styrkar frå Trippelententen vart stasjonerte i byen. 31. desember 1917 segla japanske, britiske og amerikanske kryssarar inn i Det gylne horn-bukta. I april 1918 vart det japanske firmaet Isido angripe i Vladivostok. Som følgje av denne hendinga gjekk dei japanske og britiske styrkane i land under påskot av å verne sine borgarar. Bolsjevikske partisanar svarte med å gjennomføre ein geriljakrig i byen.