Azerbaijan Tower er ein tenkt skyskrapar som var planlagd bygd på Khazar Islands, 23 km sørvest for Baku i Aserbajdsjan.
Oversyn Direktør i Avesta Group of Companies, Ibrahim Ibrahimov har sagt at bygget skal verte kring 1050 meter høgt fordelt over 189 etasjar. Når det står ferdig vil det verte den klårt høgaste bygningen i verda føre Burj Khalifa i Dubai og Kingdom Tower som fortida er under planlegging i Jeddah i Saudi Arabia.
Skyskraparen som er venta å koste $2 milliardar vil vere midtpunktet på Khazar Islands, ein ny by som er under bygging over 41 kunstige øyar i Kaspihavet til ein pris på kring $100 milliardar. Byen er planlagd å kunne romme 1 millionar innbyggjarar.
Etter at bygginga av Khazar Islands byrja, var bygginga av sjølve Azerbaijan Tower sett til starten av 2015 og venta å vere ferdig kring 2019. Khazar Islands var venta å vere fullført mellom 2020 og 2025. Etter at prosjektet fekk økonomiske problem er arbeidet stoppa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Azerbaijan Tower» frå , den 19. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Heimesida til Avesta Concern Heimesida til Khazar Islands
Kategori:Skyskraparar i Aserbajdsjan