Umeå kommune ligg på svenske länet Västerbottens län i Västerbotten. Kommunen har grensar til nabokommunane Skellefteå, Robertsfors, Vindelen, Vännäs og Nordmaling. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Umeå. Kommunen er den mest folkerike i Västerbotten og Norrland, og var i 2011 på 11. plass av dei mest folkerike kommunane i Sverige.Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
Geografi Kommunen har eit skogkledd åslandskap med store myrområde. Fleire dalføre strekkjer seg frå innlandet ut mot ei skogskledd kystlette mot Kvarken og Austersjøen. Ume älv munnar ut ved Umeå.
E4 og E12 går gjennom kommunen. Umeå er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Botniabanan og jernbanelinjen Vännäs–Umeå–Holmsund. Umeå flyplass har daglege ruter til fleire destinasjonar i inn- og utland. Det er ferjesamband til Vasa i Finland.
Samisk språk Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunenDet svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk og Umeå kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Tettstader Umeå kommune hadde 20 tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.Statistiska centralbyrån den 31 december 2005
# Tettstad Innbyggjarar1.Umeå75 6452.Holmsund5 4823.Sävar2 6724.Hörnefors2 5735.Röbäck2 3006.Obbola2 1757.Ersmark1 4868.Täfteå1 0299.Tomtebo63310.Innertavle54911.Stöcke47712.Hissjön44713.Sörfors39714.Bullmark34315.Flurkmark30216.Tavelsjö24717.Sörmjöle23118.Västibyn21919.Botsmark20920.Stöcksjö205
Bilete
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Umeå kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kategori:Kommunar i Västerbottens län