1753 (romartal MDCCLIII) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen. Hendingar mini|portrett|Species plantarum, som la grunnlaget for binomial namnsetjing, kom ut i 1753. Utlandet 17. februar/28. februar: Sverige gjekk over frå den julianske til den gregorianske kalenderen ved å stryka 11 dagar frå slutten av februar. Mange folk følte seg snytt for dagar., oppgjeve av Svensk Wikipedia. 24. juli: Det svenske vitskapsakademiet blei innstifta av dronning Lovisa Ulrika, etter fransk og prøyssisk modell. Akademiet skulle fremja humanistiske framsteg.
Carl von Linné gav ut første utgåve av Species Plantarum, der han lanserte binomial namnsetjing. Verket vert rekna som den eldste gyldige kjelda for vitskaplege plantenamn.
Noreg
Fødde
26. mars: Benjamin Thompson, angloamerikansk fysikar og oppfinnar 8. mai: Miguel Hidalgo, meksikansk revolusjonær 2. juli: Hedvig Eleonora von Fersen, svensk adelskvinne 10. september: John Soane, britisk arkitekt 15. oktober: Elizabeth Inchbald, britisk forfattar 24. desember: Anders Gamborg, dansk filosof
Døde
11. januar: Hans Sloane, britisk samlar og naturforskare, grunnleggjar av British Museum. 14 januar: George Berkeley, irsk filosof 23. mai: Franciszka Urszula Radziwiłłowa, polsk forfattar 19. august: Balthasar Neumann, tysk arkitekt
Kjelder