Henrik Ingebrigtsen () er ein norsk mellomdistanseløpar frå Sandnes. Ingebrigtsen spring for Sandnes Idrettslag. Veslebror hans, Filip Ingebrigtsen er også mellomdistanseløpar og deltok i junior-VM 2012.

Karriere

Henrik Ingebrigtsen har ei rekkje gonger vorte juniornoregsmeister, på både 800 meter, 1500 meter og på hinderløp, 2000 meter. Henrik Ingebrigtsen tok den einaste gullmedaljen Noreg fekk under EM i friidrett 2012 i Helsingfors. Han tok rekorden på 1500 meter.

Ingebrigtsen fekk også delta for Noreg under sommar-OL 2012 i London. I London sprang Ingebrigtsen seg heilt til finalen på 1500-meter og vart kjend for taktikken og dei iskalde løpsavslutningane sine. Nrk.no, 05.08.12: Ingebrigtsen skifter ikke taktikk I finalen den 7. august enda han på ein femteplass med tida 3.35,4. Dette var ny norsk rekord, 3 tidelar unna bronsemedaljen og fem tidelar unna sølvet; eit sterkt løp av Ingebrigtsen som då var 21 år gamal og OL-debutant. Nrk.no, 7. august 2012: Ingebrigtsen femtemann på 1500 Gullmedaljen gjekk til Taoufik Makhloufi frå Algerie framfor Leonel Manzano frå USA og Abdalaati Iguider frå Marokko.

Nokre resultat

Sølv på 1500 meter (3.48,43) i NM i friidrett 2009 Gull på 1500 meter (3.46,50) i NM i friidrett 2010 Bronse på 800 meter (1.50,84) i NM i friidrett 2010 Tok ny noregsrekord på 1500 meter 29. april 2012 og sletta rekorden til Lars Martin Kaupang frå 1976. Tok ny noregsrekord på ei engelsk mil i Crystal Palace i London (3.54,28) den 14. juli 2012, og sletta rekorden til Knut Kvalheim frå 1974. Gull på 1500 meter (3.46,20) i EM i friidrett 2012 i Helsingfors. Femteplass på 1500 meter-finale og ny norsk rekord (3.35,4) under sommar-OL 2012 i London.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henrik Ingebrigtsen» frå , den 15. juli 2012.

Fotnotar

Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024 Kategori:Folk frå Sandnes