Filmmusikk er musikk som er komponert spesielt for bruk i film, men det kan også omfatte annan musikk. Vanlegvis bruker ein musikk som dette til stemningsskapar i film, ved at musikken understrekar ei eller fleire hendingar i handlinga, eller ved at ein eller fleire av rollefigurane blir gjeve eit spesielt musikalsk tema. Eit døme på det siste er «Imperial March»-temaet (komponert av John Williams) som symboliserer det galaktiske imperiet og Darth Vader i fem av dei seks Star Wars-filmane.

Filmmusikk er som regel ikkje-diegetisk. Det vil seie at den ikkje kjem frå ei synleg kjelde på skjermen. Det finst unntak, som i filmen Vill vest (Blazing Saddles) av Mel Brooks frå 1974, der ikkje-diegetisk filmmusikk blir parodisert ved at Count Basie and his Big Band plutseleg dukkar opp «i bilete» under avspelinga av ein melodi.

Kjend filmmusikk Star Wars, komponert av John Williams. Ringenes Herre, komponert av Howard Shore. Mission: Impossible-temaet, komponert av Lalo Schifrin. 2001: En romodyssé, med musikk av blant andre György Ligeti og Richard Strauss. Dollar-trilogien, komponert av Ennio Morricone. Indiana Jones-trilogien av John Williams Rocky-filmane av Bill Conti Pirates of the Carribean-filmane av Hans Zimmer og Klaus Badelt Kill Bill-filmane av Nancy Sinatra Harry Potter-filmane, mellom anna komponert av John Williams.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Filmmusikk» frå , den 18. juli 2012.

Musikk Kategori:Musikksjangrar