Musikk og tradisjon: tidsskrift for forsking i folkemusikk og folkedans er eit norsk vitskapleg tidsskrift som fokuserer på skandinavisk folkemusikkforsking og tradisjonell musikk og dans som eit breitt definert felt, både frå musikkvitskapeleg og andre humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv
Det oppstod i noverande form i 2010, som ei vidareføring av Norsk folkemusikklags skrift, som vart eit fagfellevurdert vitskapleg tidsskrift i 2005 og som har vorte utgjeve av Novus forlag sidan 2007 Norsk folkemusikklags skrift vart utgjevne frå 1984. Musikk og tradisjon er skriftet til Norsk folkemusikklag.
Redaktørar Musikk og tradisjon Are August Flannagan Furubotn (2023–) Bjørn Aksdal (2022) Karin Eriksson (2020–2021) Sveinung Søyland Moen (2014–2019) Gjermund Kolltveit (2010–2013) Norsk folkemusikklags skrift Astrid Nora Ressem (2007–2009) Hans-Hinrich Thedens (1997–2006) Frode Nyvold (1992–1996) Bjørn Aksdal (1987–1991) Ingrid Gjertsen (1984–1986)
Artiklar publiserte i Musikk og tradisjon / Norsk folkemusikklags skrift