«Yours Is No Disgrace» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, innspelt hausten 1970 og gjeven ut albumet The Yes Album i februar 1971. Songen er skriven av Jon Anderson, Chris Squire, Steve Howe, Bill Bruford og Tony Kaye. Dette er eit av dei første forsøka til bandet på den «episke stilen» bandet seinare vart kjent for, og songen består av komplekse rytmiske og melodiske tema. Songen er 9 minutt og 45 sekund lang.

Struktur Songen opnar med eit country-liknande tema som kan minne om opningstemaet til TV-serien Bonanza. Så kjem trommene, bassgitaren og orgelet med, og som skapar eit sterkt rytmisk tema med eit enkelt orgeltema på toppen. Gitaren går over i eit nesten svevande arpeggio-tema som blir modulert. Første vers blir sunge over eit akkordbasert orgeltema.

Etter første vers kjem resten av instrumenta inn og skapar ein liknande rytmisk kjensle som frå før første verset. Dette rytmiske temaet blir punktert av ein frenetisk og aggressiv gitarsolo, og så kjem det ei rekkje korte gitarsoloar i ulike stilarter som rock, jazz, country og hardrock-liknande, før det går over i eit a capella-vers, berre med eit staccato bass-riff i bakgrunnen. Så dreiast musikken først gradvis over i eit crescendo, før det dust blir vendt tilbake til det rytmiske hovudtemaet i songen. Songen blir avslutta med ein repetisjon av det country-inspirerte temaet i opninga og det påfølgjande rytmiske temaet.

Konsertversjonar «Yours is No Disgrace» er ein av dei ti mest framførte songane til bandet under konsertar.Forgotten Yesterdays Bandet har hatt han med på dei fleste turneane sidan songen vart skriven sommaren 1970. Konsertversjonane er som oftast særs lik studioinnspelinga.

Offisielle konsertopptak av «Yours Is No Disgrace» finnast på: Yessongs House of Yes: Live from House of Blues The Word Is Live Songs from Tsongas Union Live In the Present – Live from Lyon

Medverkande Jon Anderson: vokal Steve Howe: gitarer Chris Squire: bass Tony Kaye: Hammondorgel Bill Bruford: trommer

Litteratur Dimery, Robert «1001 Albums You Must Hear Before You Die» New York: Quintet Publishing Limited, 2005. ISBN 9780789313713 Covach, John Rudolph og Boone, Graeme MacDonald «Understanding Rock: Essays in Musical Analysis» New York: Oxford University Press, 1997. ISBN 0195100050

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yours Is No Disgrace» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar produserte av Eddy Offord Kategori:Songar skrivne av Jon Anderson Kategori:Songar skrivne av Chris Squire Kategori:Songar skrivne av Steve Howe Kategori:Songar skrivne av Bill Bruford Kategori:Antikrigssongar Kategori:Songar om Vietnamkrigen