Tormato er det niande studioalbumet til det engelske progressiv rock-banda Yes, utgjeve i september 1978. I motsetnad til forgjengeren Going for the One, fekk ikkje dette albumet nokre god mottaking av korkje kritikarar eller publikum. Albumet selde godt, men ein var misnøgd med den minimalistiske og til tider spinkle produksjonen og miksinga. Trass i dette er det fleire låtar som blir rekna som «klassisk» Yes her, blant andre «On the Silent Wings of Freedom» og «Onward».
Albumet kom på 10. plass på Billboard 200 i USA, på åttandeplass på UK Albums Chart i StorbritanniaUK Albums Chart: Yes – Tormato og på niandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.VG-lista: Yes
Bakgrunn Albumet vart skrive og innspelt i ein periode der alle i bandet var usikre på kva musikalsk retning bandet skulle ta. Dette var under den store punk-revolusjonen, og band som var symbol på «dei etablerte», blant andre Yes, Genesis og Led Zeppelin, vart kalla «dinosaurar».
Dette er det andre og siste albumet der Hipgnosis laga coveret. Albumet skulle opphavlege heitte Yes Tor etter ein geologisk formasjon i det sørlege England, men blei endra av Hipgnosis då Rick Wakeman kasta ein tomat på utkastet deira til platecover. Utkastet, med tomat-sølet på, blei det ferdige platecoveret.
Etter dette albumet prøvde Yes å spele inn eit nytt album i 1979, som i etterkant er blitt kalla «Golden Age-innspelingane»/«Paris-innspelingane», men gav til slutt opp. Rick Wakeman og Jon Anderson forlet bandet, medan Chris Squire, Steve Howe og Alan White ville fortsette som trio, men mogelegeins under eit nytt namn.
Innhald
Medverkande Jon Anderson: vokal, perkusjon Chris Squire: bass, piano (på «Don't Kill the Whale»), bass-pedal og vokal Steve Howe: elektrisk og akustisk gitar, mandolin, vokal Rick Wakeman: piano, Hammondorgel, Polymoog og Minimoog, synthesizere, Birotron Alan White: trommer, perkusjon, vokal
Ny-utgjevingar 1991 – Atlantic – CD 1994 – Atlantic – CD (Remaster) 2001 – Japansk Limited Edition 2004 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tormato» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Tormato, CD notater på innercover av Tim Jones, 2004 Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002 Yes-diskografisiden Yescography
Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album spelte inn i RAK Studios