Berezan (ukrainsk: Березань; gammalgresk Borysthenes; tidlegare tyrkisk Pirezin) er ei øy i Svartehavet ved inngangen til Dnepr-Bugestuaret i Otsjakiv rajon i Mykolaiv oblast i Ukraina. Øya er kring 900 meter lang og 320 meter brei. Ho er skild frå fastlandet av ei 2 km breitt sund.
Berezan var ein av dei tidlegaste greske koloniane i det nordlege Svartehavet. Øya vart først busett kring midten av 600-talet fvt. I mellomalderen var øya særs strategisk viktig sidan ein kan kontrollere munningen av Dnepr. I perioden under Kievriket var det ein viktig handelsstasjon her og det var her væringane først kom i kontakt med grekarane. Øya er kjend for runesteinen kalla Berezansteinen. Kievriket og Austromarriket kjempa om kontrollen over estuaret.
Zaporosje-kosakkar fornya fortet på Berezan under striden deira mot krimtatarane og Det osmanske riket på 1500- og 1600-talet. Etter at nærliggande Otsjakov fall til russarane vart øya i lag med resten av Ny-Russland innlemma i Det russiske imperiet.
Den greske kolonien og den tilhøyrande nekropolisen har periodevis vorte grave ut sidan 1800-talet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berezan Island» frå , den 6. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Greske koloniar Kategori:Arkeologiske funn i Ukraina Kategori:Øyar i Ukraina Kategori:Mykolajiv oblast Kategori:Stader frå norrøn tid Kategori:Øyar i Svartehavet Kategori:Tidlegare busetnader i Ukraina