Aju-Dag eller Medved-gora (krimtatarisk Ayuv Dağ russisk Аю-Даг, Медведь-гора, ukrainsk Аю-Даг) er eit fjell på Krimhalvøya i Ukraina. Toppen ligg 16 km nordaust for Jalta mellom byane Gurzuf og Partenit.
Fjellet består av lakkolitt. I dag er området eit naturreservat på 5,5 km2. Det ligg ein barneleir, Artek, nær Aju-Dag, som er internasjonalt kjend. Austsida av Aju_Dag fører til den antikke busetnaden Partenit. Restar av ein tidleg mellomalderbusetnad vart oppdaga der. På 800- og 900-talet var det ei kjend hamn her, med samband til byar i Austromarriket. Vestsida av fjellet fører til Artek.
Alle språkvariantar av namnet tyder Bjørnefjell og er omsetjingar av det originale krimtatariske namnet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ayu-Dag» frå , den 7. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Ukraina Kategori:Geografi på Krimhalvøya