Seasons End er det femte studioalbumet av det engelske bandet Marillion, og kom ut i 1989. Albumet var det første med den nye songaren Steve Hogarth, etter at den førre vokalisten Fish slutta seint i 1988. Albumet nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista.
Marillion heldt prøvespeling for å finne ein erstattar for Fish medan dei skreiv songar til det nye albumet, og dei valde til slutt Steve Hogarth. Musikken til Seasons End var stort sett ferdig då Hogarth kom inn i Marillion, og berre nokre få songar har musikk skriven av han. Ein del av tekstane var skrivne av John Helmer, som bandet hadde bestilt før Hogarth vart med i bandet. Han skreiv tekstar til bandet gjennom 1990-åra.
Mykje av muskken på Seasons End vart skriven medan Fish framleis var i bandet.
Albumet vart produsert av Marillion i lag med Nick Davis, som sidan arbeidde med Genesis og andre aritstar.
Innhald
Medverkande Steve Hogarth: vokal Steve Rothery: gitarar Mark Kelly: tangentinstrument Pete Trewavas: bass Ian Mosley: trommer Phil Todd: saksofon på Berlin Jean-Pierre Rasle: sekkepiper på Easter
Lister Album ÅrListePlassering1989UK Album Chart7
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Seasons End (album)» frå , den 11. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marillion-album Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Album produserte av Nick Davis