Pentti Kustaa Nikula () var ein finsk friidrettsutøvar frå Somero som tevla i stavsprang. Han var den aller fyrste som hoppa over fem meter i stavstavsprang. Men sidan rekorden vart sett innandørs i ein hall, vert USA-amerikanaren Brian Sternberg rekna som den fyrste femmetershopparen, då denne var den fyrste stavhopparen som overskreid høgda i friluft.
Aktiv Innføringa av glasfiberstaven førte frå 1961 til at det vart sett ei rad verdsrekordar i stavsprang. 22. juni 1962 forbetra Nikula i Kauhava verdsrekorden i stavhopp til 4,94 meter, ein centimeter over US-amerikanaren Dave Tork sin gamle verdsrekord.
Under EM 1962 i Beograd, midt i september månad, vart Nikula europameister med 4,80 meter, framom Rudolf Tomášek frå Tsjekkoslovakia og sin eigen landsmann Kauko Nyström, begge med 4,60 meter. Også på fjerdeplassen kom ein finne, Risto Ankio med 4,55 meter.
Den 2. februar 1963 i Pajulahti hoppa Nikula som det fyrste menneske over femmeterslista, deretter gjekk han over 5,05 meter i tredje forsøk. Nikula la så på til 5,10 meter og svinga seg over i sitt fyrste forsøk. Friheten 4. februar 1963 Dermed var hallrekorden i verda 16 centimeter over utandørs verdsrekord. Utandørsekorden vart i april 1963 forbetra til nøyaktig fem meter av Brian Sternberg. Nikula forbetra sjølv sin utandørs-rekord til 5,00 meter i Björneborg, ein månad etter Sternberg. Gjennom 1963-sesongen vart utandørsverdsrekorden forbetra fleire gongar, fyrst av Sternberg til 5,08 m, før John Pennel tok over med 5,13 meter og til sist 5,20 m.
Nikula vart finsk meister i stavhopp i 1962 og 1964. I OL 1964 vart han nummer sju og la deretter opp.
Medaljar og plasseringar i diskoskast i internasjonale meisterskap EM 1962 i Beograd: Gullmedalje – 4,80 m, framom Rudolf Tomášek OL 1964 i Tokyo: Nr 7 – 4,90 m
Bakgrunnsstoff
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pentti Nikula» frå , den 16. september 2012. Denne artikkelen bygger på «Pentti Nikula» frå , den 16. september 2012. World Athletics
Kategori:Finske stavhopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Finland Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964