«Entangled» er ein song av det engelske rockebandet Genesis, spelt inn i november 1975 i Trident Studios i London for albumet A Trick of the Tail. Det er den andre songen på albumet og er kjenneteikna av ein 12-strengs akustisk gitar. Songen er skriven av klaverspelar Tony Banks og gitarist Steve Hackett og fortel ei soge om ein ubehageleg sjukdomsperiode. Songen endar med ein korsekvens spelt av Tony Bansk på Mellotron. I følgje Banks var «Entangled» ein kombinasjon av ein song som Hackett hadde skrive i 6/8, men som ikkje enno hadde refreng eller ein definitiv retning, og eit tidlegare musikkstykke av Banks som òg var skrive i 6/8. Banks og Hackett sette dei to songane samane, og fekk vokalist og trommeslagar Phil Collins til å synge det som opphavleg hadde vore piano. Banks sa «Det er favorittsongen min på det albumet, og endar med ein stor, katedralaktig kjensle».Genesis: Chapter & Verse (published 2007) Songen vart framført på konsertane til bandet i 1976 og i 2007.
Medverkande
Phil Collins – vokal Steve Hackett – elektrisk gitar, 12-strengsgitar Tony Banks – 12-strengsgitar, mellotron, ARP 2600 synthesizer Mike Rutherford – 12-strengsgitar, basspedalar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Entangled (song)» frå , den 6. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Genesis-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Steve Hackett