«Paperlate» er ein song av det britiske rockebandet Genesis. Songen vart først gjeven ut på EPen 3 X 3 i 1982. EPen nådde 10. plass på albumlista i Storbritannia i 1982. Suksessen til EPen førte til at bandet fekk spele på Top of the Pops. I Amerika vart «Paperlate» gjeven ut som ein vanleg singel med «You Might Recall» som B-side. Han var òg med på den amerikanske versjonen av albumet Three Sides Live i lag med resten av songane frå 3 X 3.

Historie Tittelen kom frå ein linje i Genesis-songen «Dancing with the Moonlit Knight» frå 1973 («Paper late, cried a voice in the crowd»), som Genesis øvde på under ein lydsjekk, noko som førte til starten på denne songen. «Paperlate» er ein av to songar av Genesis med blåserekkja frå Earth, Wind & Fire. Den andre er «No Reply At All frå Abacab. Collins har ofte nytta blåserekkja for sine soloprosjekt, mellom andre soloalbumet Face Value.Classic Albums: Face Value VH-1, 1999 Det vart laga ein musikkvideo for singelen som nytta opptak frå Top of the Pops.Genesis: The Video Show (DVD), 2005

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paperlate» frå , den 19. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford