Arne Bystøl () er ein norsk tidlegare kombinertrennar frå Vossestrand i Hordaland. Han representerte Idrettslaget Eldar. Lars Bystøl er brorsonen hans.
Karriere Bystøl deltok i VM på ski i 1974 der han kom på femteplass og vart beste nordmann i kombinert. Same året vann han NM-sølv i Selbu og vart nummer tre i Holmenkollen, begge tevlingane vart vunne av Tom Sandberg. Bystøl deltok for Noreg i 1976 i Innsbruck, men enda på 27. plass i kombinerttevlinga. Han la då opp ved sesongslutt.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1973: Nr 11 i Holmenkollen 1974: Nr 5 i ski-VM i Falun. Nr 3 i Holmenkollen. 1975: Nr 5 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregmeiserskap Ski-NM 1972: Nr 5 i Trondheim Ski-NM 1973: Nr 8 på Lillehammer Ski-NM 1974: Sølvmedalje i Selbu Ski-NM 1975: Bronsemedalje i Rælingen Ski-NM 1976: Nr 4 på Fåvang
Kjelder og bakgrunnsstoff Sportsboken, aktuelle årgangar Arne Bystøl i fis-ski.com
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Voss