Lewinia er ei biologisk slekt av små vassfuglar i riksefamilien. Ho er representert med tre artar med samla utbreiing i Filippinane, Ny-Guinea, Australia og på Aucklandøyane, New Zealand. Dei var tidlegare plassert i eit felles artstakson i slekta Rallus,Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, (2005) ISBN 978-0-14-302040-0 men skjeletta av Lewinia-riksene har ikkje fellestrekk med dei av slekta Rallus. Dei viser likevel ein overflatisk likskap med orientrikse, som no tilhøyrer slekta Gallirallus. Systematikken av Charles og Monroe 1990Charles Gald Sibley, Burt Leavelle Monroe: Distribution and taxonomy of birds of the world. Yale University Press, 1990: S. 223. set like fullt ikkje dei to slektene Dryolimnas og Lewinia i nær samanheng. Lewinia-riksene varierer i storleik frå 17 til 27 centimeter.

Artar og utbreiinga deira, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Luzonrikse (Lewinia mirifica) vart skildra i 1959 av Dean Amadon og Kenneth C. Parkes. Ho var tidvis vurdert å vere ein underart av brunnakkeriksa. Leveviset er lite kjent. Utbreiinga er avgrensa til den filippinske øya Luzon. Brunnakkerikse (Lewinia pectoralis) er typearten. Ho vart skildra i 1831 av Coenraad Jacob Temminck. Det er sju verna underarter som finst i Ny-Guinea, austlege Australia, Sør-Australia og Tasmania. Underartaen Lewinia pectoralis clelandi frå Sør-Australia har ikkje vore observert etter 1931 og blir rekna å vere utdøydd. Aucklandrikse (Lewinia muelleri) vart skildra i 1893 av Walter Rothschild. Ho var lenge kjent berre frå typeprøva, som vart kjøpt i 1874, til ho vart gjenoppdaget i 1966. Ho er endemisk for øyane Adams Island og Disappointment Island, Aucklandøyane. Til tider vart ho klassifisert som underart av brunnakkeriksa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lewinia» frå , den 21. desember 2012.

Referansar

Bakgrunnsstoff BirdLife International (2012) Species factsheet: Brown-banded Rail Lewinia mirifica . Henta frå http://www.birdlife.org den 21. desember 2012. BirdLife International (2012) Species factsheet: Lewinia pectoralis . Henta frå http://www.birdlife.org den 21. desember 2012. BirdLife International (2012) Species factsheet: Lewinia muelleri . Henta frå http://www.birdlife.org den 21. desember 2012.

Kategori:Riksefamilien Kategori:Fugleslekter