Øygarden er ein øykommune utanfor Bergen i Vestland fylke. Øygarden er ein kystkommune med ca. 4500 innbyggjarar. Kommunen vart oppretta i 1964 av gamle Hjelme kommune og delar av Herdla herad. Den 1. januar 2020 slo Fjell, Sund og Øygarden kommunar seg saman, og heldt på namnet Øygarden. Om lag 450 øyar, holmar og skjer utgjer kommunen.

Dei største, bebudde øyane er, frå sør til nord: Toftøy, Rongøy, Blomøy, Oøy (Oen), Alvøy og Hellesøy.

På ei av desse øyane, Oøy, også kalla One ligg Kollsnes og bygdene Oen og Breivik.

Historie Saman med Askøy toppar Øygarden statistikken over dei raskast veksande kommunane i Hordaland. Innbyggjartalet auka med 2,6 prosent i 2005.

Kultur

Kystmuseet i Øygarden og Nordsjøfartmuseet i Tælavåg i Sund gjev saman ut tidskriftet Havstrilen.

Idrett Øygarden Fotballklubb spelar fotball i 1. divisjon, OBOS-ligaen (2020).

Folk frå Øygarden Johannes Kleppevik (1947–2001), trubadur Andreas Takvam, volleyballspelar Anita Apelthun Sæle (f. 1951), stortingsrepresentant (KrF) for Hordaland 1993-2005 Lars Arne Nilsen (f. 1964), fotballtrenar for Brann Ove Trellevik (f. 1965), stortingspolitikar for Høgre Alexander Dale Oen (1985–2012), verdsmeister i svømming Jakob Glesnes, fotballspelar Preben Fjell, youtuber Susanne Glesnes, sandvolleyballspelar Tim-Robin Lihaug, boksar Trine Eilertsen, sjefredaktør i Bergens Tidende 2008-12, politisk redaktør i Aftenposten frå 2014

Kjelder

Bakgrunnsstoff Øygarden. Store norske leksikon Øygarden kommune Kystmuseet i Øygarden Vestnytt, lokalavis for Fjell, Sund og Øygarden

Litteratur Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Nordre Øygarden''', Bergen 1983. Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Herdlevær, Breivik, Oen, Rosnæs, Dalsnæs, Blom, Sæle, Bergen 1981. Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Ulvsøy, Rong, Torsvik, Toftevåg, Toft, Vik, Bergen 1981. Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Blomvaag,'' Bergen 1980.

Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Kommunar i Vestland Kategori:Norske kommunar skipa i 1964