Stange Sound er eit sund som er kring 60 nautiske mil (110 km) langt og 25 nautiske mil (46 km) breitt langs kysten av Palmer Land. Ein isbrem dekkjer sundet, som i vest grensar til Smyley og Case Island sør for fastlandet, i aust Spaatz Island og i nord til det ope farvatnet i Ronne Entrance. Det vart fotografert frå lufta og grovt kartlagd av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) (1947–48) under Finn Rønne. Det er kalla opp etter Henry Stange frå New York, som bidrog til RARE under førebuinga for ekspedisjonen.

Kjelder

Kategori:Sund i Antarktis Kategori:Geografi i Palmer Land