«Shock the Monkey» er ein song frå 1982 av Peter Gabriel. Han vart gjeven ut som singel og nådde 29. plass på Billboard Hot 100 i USA og toppen av Billboard Top Tracks-lista.Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 246. Songen var den første Gabriel fekk på Topp 40 i USA. I Storbritannia nådde songen 58. plass på singellista. Songen vart gjeven ut på det fjerde soloalbumet til Gabriel, i USA kalla Security. I tillegg til den «ubøyelege gjentakande frase» som «ikkje høyrdest ut som noko anna på radio på den tida»,[ Allmusic song review]. Henta den 22. januar 2013. er songen kjend for den populære og noko forstyrra musikkvideoen med Gabriel (med kvit andletmåling) og ei kapusinarape som såg skremd ut.

Tolking Trass i tittelen og innhaldet i videoen vert songen ofte rekna for å handle om anten dyrerettar eller ein referanse til dei kjende eksperimenta til Stanley Milgram skildra i boka hans Obedience to Authority.iFilm synopsis. Henta on 22. januar 2013. Songen handlar ikkje om nokon av delane, men ein annan Gabriel-song, «We Do What We're Told (Milgram's 37)», frå So i 1986, omhandlar Milgram direkte. Gabriel sjølv har skildra «Shock the Monkey» som «ein kjærleikssong» som utforskar korleis sjalusi kan utløyse dei grunnleggande instinkta ein har. Apa er ikkje ei bokstavleg ape, men ein metafor for sjalusikjensla.Chris Welch (1998). The Secret Life of Peter Gabriel: p.136

Utgjeving «Shock the Monkey» vart gjeven ut på ein 7" biletdisk i tillegg til svarte vinylsinglar på 7" og 12". Ein remix på 8:12 der vers og refreng er sungen av Gabriel på tysk innimellom engelske vers og refreng. Eit konsetopptak av songen finst på albumet Plays Live (1983). Songen finst òg på samlealbuma Shaking the Tree (1990) og Hit (2003). Musikkvideoen finst på DVD-samlinga Play (2004).

Remix-konkurranse Det vart halde ien konkurranse på Internett i septemnber 2006 av Realworld Remixed der musikarar og lydteknikarar kunne sende inn ein remix av songen. Dei originale lydspora vart gjort tilgjengeleg for nedlasting, slik at ein fekk eit sjeldant høve til å arbeide med råmaterialet frå ein hitsong. Vinnare var Multiman.

Lister

Liste (1982/1983)PlasseringUSA Billboard Hot 100Billboard.com. Henta on 22. juni 2008.29Billboard Hot Mainstream Rock Tracks1Billboard Dance/Disco26Billboard Hot Black Singles64USA Cashbox Pop SinglesAol.com. Henta on 22. juni 2008. 33UK Pop SinglesPolyhex.com. Henta on 22. juni 2008.58

Andre versjonar Alternativ metal-bandet Coal Chamber spelte inn «Shock the Monkey» i 1999 for album Chamber Music. Med seg hadde dei Ozzy Osbourne på gjestevokal. Det vart òg laga musikkvideo av singelen regissert av Dean Karr. Andre som har spelt inn songen er Don Ho, det finske bandet Suburban Tribe og Vitamin String Quartet.

Bruk i media «Shock the Monkey» finst i opninga av filmen Project X. Songen vert nytta i ein episode kalla Raisins i South Park.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shock the Monkey» frå , den 13. januar 2013. oppgav desse kjeldene: Martin C. Strong (2004). The Great Rock Discography (7th Edition)

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1999 Kategori:Peter Gabriel-songar Kategori:Songar skrivne av Peter Gabriel Kategori:Britiske new wave-songar Kategori:Ozzy Osbourne-songar Kategori:Coal Chamber-songar Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Roadrunner Records-singlar Kategori:Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista