Nordsotho () er eit bantuspråk eller ei språkgruppe som blir tala i Sør-Afrika, der det også er offisielt språk. Nordsotha har 4 208 940 talarar som hovudsakleg bur i provinsane Gauteng, Limpopo og Mpumalanga. Språket er ofte omtalt som , ettersom sepedi (eller pedi) er den mest utbreidde varianten. Det er også denne skrifspråket til nordsotho byggjer på. Den offisielle nemninga i dag er nordsotho.
mini|venstre|Utbreiing av nordsothospråklege i Sør-Afrika. Klassifisering Nordsotho er nært i slekt med sesotho eller sørsotho, setswana, kgalagadi og lozi.
Språket er delt inn i desse variantane:
Masemola (Masemula, Tau), Kgaga (Kxaxa, Khaga) Koni (Kone) Tswene (Tsweni) Gananwa (Xananwa, Hananwa) Pulana Phalaborwa (Phalaburwa, Thephalaborwa) Khutswe (Khutswi, Kutswe) Lobedu (Lubedu, Lovedu, Khelobedu) Tlokwa (Tlokoa, Tokwa, Dogwa) Pai Dzwabo (Thabine-Roka-Nareng) Kopa Matlala-Moletshi.
Desse er gjerne rekna som dialektar, men variantane pai,kutswe og pulana er såpass forskjellige at dei somme tider blir omtalt som «austsotho».
Bruk Nordsotho er undervisingsspråk i grunnskulen. Det blir også send radio og fjernsynsprogram på språket.
Språkdøme mini|Intervju på sepedi med tolking til engelsk, om spelet kgati, ei form for hoppetau.
Artikkel 1 frå Menneskerettsfråsegna:
Batho ka moka ba belegwe ba lokologile le gona ba na le seriti sa go lekana le ditokelo. Ba filwe monagano le letswalo mme ba swanetše go swarana ka moya wa bana ba mpa.ochr.org
(Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Northern Sotho language» frå , den 31. januar 2013.
Kategori:Språk i Sør-Afrika Kategori:Bantuspråk Kategori:Einskildspråk