Adelén Rusillo Steen (), betre kjend som Adelén, er ein norsk songar. Ho har spansk mor og norsk far.
Melodi Grand Prix 2013 Adelén vart vald ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i Melodi Grand Prix 2013. Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Ho vart vald ut til å delta i den tredje semifinalen 2. februar 2013 i Larvik i Noreg. 30. januar 2013 vart songen «Bombo» offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte. Songen er skriven av Ina Wroldsen og Quiz & Larossi.
Semifinale 3 Bidraget starta som nummer to, etter Gothminister med «Utopia» og før Lucky Lips med «Sweet and Heavy». Adelén vann og gjekk vidare til finalen.
Finalen Bidraget starta som nummer tre, etter Fjellfolk med «Ulvetuva» og før Gromth og Emil Solli-Tangen med «Alone».
Diskografi Singlar 2013: Bombo 2013: Baila conmigo 2014: Always On My Mind 2014: Olé
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske songarar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-deltakarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest Kategori:Vinnarar av OGAE Second Chance Contest Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Horten