mini|Petre Mede ynskjer velkomen til den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013. Petra Maria Mede () er ein svensk komikar, dansar og programleiar. I 2009 vart ho røysta fram som den beste kvinnelege komikaren i Sverige.

Eurovision Melodifestivalen 2009 I 2009 var Mede programleiar for Melodifestivalen 2009, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland.

Eurovision Song Contest 2013 28. januar 2013 vart det annonsert at Mede ville vere programleiar for Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Ho var den fyrste sidan 1995 som leia tevlinga aleine, om ein ser vekk ifrå at Eric Saade var green room-programleiar i finalen.

Eurovision Song Contest's Greatest Hits Saman med Graham Norton leia Mede Eurovision Song Contest's Greatest Hits i London i Storbritannia. Konserten fann stad 31. mars 2015 og vart til for å feire 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest.

Melodifestivalen 2016 Mede vil leie den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2016, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, saman med Gina Dirawi.

Eurovision Song Contest 2016 14. desember 2015 vart det kjend at Mede og vinnaren av Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, Måns Zelmerlöw, vil leie Eurovision Song Contest 2016. Mede vil verte den tredje personen som leiar tevlinga meir enn éin gong, og den fyrste som leiar tevlinga att sidan 1974.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Petra Mede» frå , den 15. februar 2013 k.

Fotnotar

Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Svenske komikarar Kategori:Svenske dansarar Kategori:Svenske programleiarar Kategori:Melodifestivalen-programleiarar Kategori:Melodifestivalen 2009 Kategori:Melodifestivalen 2013 Kategori:Melodifestivalen 2016 Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Eurovision Song Contest 2013 Kategori:Programleiarar for SVT Kategori:Eurovision Song Contest 2016