George Gamow () var ein sovjetisk–amerikansk teoretisk fysikar og kosmolog.

Gamow studerte ved Universitetet i Leningrad og fekk sin doktorgrad i 1928. Han var ei tid på ulike fysikkinstitusjonar i Vest-Europa, særleg i København etter invitasjon frå Niels Bohr i 1931, før han vart kalla tilbake til Sovjetunionen og ei stilling ved Det sovjetiske vitskapsakademiet i Leningrad. Under eit besøk på Solvay-konferansen i Brussel i 1933 hoppa han av til vesten, og flytta til USA i 1934, der han fekk eit professorat ved George Washington University. Frå 1956 arbeidde han som professor ved University of Colorado.

Gamow jobba først innan kjernefysikk, og utvikla teoriar for alfahenfall og betahenfall. Han deltok òg i Manhattanprosjektet og utviklinga av atomvåpen og utviklinga av ei hydrogenbombe.

Innan kosmologi via Gamow seg til strukturen til stjernene og evolusjon, og utvikla saman med Ralph Alphen ein teori for den relative førekomsten til grunnstoffa (og presenterte det i Hans Bethes namn, og at han hadde bidrege til teorien, slik at han kunne bli kalla Alpha-Bethe-Gamow-teorien).Nationalencyklopedin, band 7 (1992), uppslagsordet George Gamow

Kjelder Denne artikkelen bygger på «George Gamow» frå , den 22. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Folk frå Odessa Kategori:Kosmologar Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Russiske oppfinnarar Kategori:USA-amerikanske oppfinnarar Kategori:Russiske astronomar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske kjernefysikarar Kategori:Sovjetiske fysikarar Kategori:USA-amerikanske biokjemikarar Kategori:Sovjetiske avhopparar Kategori:USA-amerikanske sakprosaforfattarar Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Avhoppar