Vektaren (sørsamisk Vuaktere) er ein innsjø som ligg i Røyrvik kommune i Trøndelag fylke. Frå vest kjem Saksvasselva og Saksvatnet. Huddingselven renn frå aust inn frå Hudningsvatnet og Røyrvikelva ut til Limingen. Sidan reguleringa i 1959 er utløpet demd opp, slik at Vektaren no dannar magasin for Røyrvikfoss kraftverk. Samtidig vart avløpet frå Namsvatnet ført i tunnel til Vektaren.

Av fisk finn ein aure, røye og ørekyte. I nordenden ligg Husvik/Vektarbotn naturreservat. Vektarbotn er, ved hjelp av ein terskel, ikkje berørt av reguleringa. Garden Vekterli ligg på nordsida av dette området, rett overfor Kaukartangen, der ein i tidlegare tider ropte (kauka) over for å få båtskyss. I nordvestenden, ved tilløpet frå Namsvatnet, finn vi garden Myrheim.

Kategori:Innsjøar i Røyrvik