Skaun bygdamuseum er eit bygdemuseum i Skaun kommune i Trøndelag. Det består av to delar; eit bygdetun på Skreddarhaugen ved Husaby og skulemuseet Råbygda gamle skule. Det er organisert som ein eigen frivillig organisasjon.
Mykje av æra for at museet vart til, ligg til Gauklaget i Skaun og Gunnar Solstad, som gav museet dei første gjenstandane i 1962.
Skreddarhaugen Rundt tunet på Skreddarhaugen er det sju bygningar; hovudbygninga Svenstu, ein låve, eit sprøytehus og stabbura Dalsburet og Motzfeldtburet (òg kalla Mosburet), ei seterbu (innreia som snikkarverkstad), og eit sommarfjøs.. Museet har ca. 1100 gjenstandar, dei fleste henta frå kvardagslivet på ein liten gard eller ein husmannsplass på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet. I andreetasjen på Svenstu er det særleg mange gjenstandar knytte til skomakaryrket.
Siste tilvekst er eit større (nytt) museumsbygg som er sett opp på dugnad. Det er også kalla «Nylåven». Denne bygningen huser ei større reiskapssamling frå Skaun Bondelag. Her er også rom for ei lokalhistorisk utstilling, mellom anna informasjonsplakatar om historia til Skaun kommune, særleg i mellomalderen.
Bygdamuseet er ope på søndagane i sommarhalvåret. Då er det kaffiservering og vaffelsal her.
Skulemuseet Skulemuseet ligg på Råbygda gamle skule frå 1878. Dette er ein skule som er nedlagd.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Skaun kommune om Skaun bygdamuseum
Kategori:Skaun kommune Kategori:Bygdamuseum Kategori:Museum i Trøndelag