Düsseldorf-skulen i elektronisk musikk, eller berre Düsseldorf-skulen, var ei utvikling i elektronisk musikk i 1970-åra, forma av Düsseldorf-baserte artistar som Kraftwerk, Cluster, Can og Neu!. Stilen er karakterisert av synthesizermelodiar og rytmiske basslinjer og markante trommer. Dei fleste verka er instrumentale og vokal vert berre nytta til ein viss grad. Omgrepet vert stundom nytta som ein motsetnad til den samtidige rørsla kalla Berlin-skulen i elektronisk musikk.

Tidleg musikk Dei tidlege verka til Kraftwerk og Can skil seg frå den seinare, meir suksessrike perioden. Album som Kraftwerk og Kraftwerk 2 er særs eksperimentelle med harde trommer, eletrisk fiolin og manipulert, elektrisk fløyte.

Hovudperioden Dei store albuma, som har gjort denne stilen kjend er Kraftwerk-albuma Autobahn og The Man-Machine, som har definert sjangeren. Songar som «The Robots» frå The Man-Machine i 1978 og «Home Computer» frå Computer World 1981 gjekk bort frå tidlegare retningar i elektronisk musikk.

Düsseldorf-skulen i dag Av dei originale banda er det berre Kraftwerk som framleis er aktive.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Düsseldorf School of electronic music» frå , den 5. april 2013.

Bakgrunnsstoff Encyclopedia of Electronic Music Kraftwerk

Kategori:Musikkmiljø Kategori:Krautrock Kategori:Elektronisk musikk Kategori:Düsseldorf