Toppserien er den øvste norske divisjonen i fotball for kvinner.
Namnet «Toppserien» vart teke i bruk offisielt føre 2000-sesongen. Frå serien fekk offisiell status i 1987 til 1995 heitte han «1. divisjon fotball for kvinner» frå 1995 til 1999 «Eliteserien i fotball for kvinner».
Serien har bestått av 10 lag frå 1987 til 2006, og tolv lag frå 2007.
Historie Det vart arrangert fleire kretsseriar for kvinnelag mellom 1977 og 1979. Ingen av serievinnarane møtte kvarandre, og slik sett var alle seriane autonome. I 1980 vart inndelinga slik at dei beste laga spelte i to regionale seriar, medan det var ein divisjon under, inndelt krinsvis. Først i 1982 vart det spelt ein uoffisiell finale mellom vinnarane av dei to regionale ligaene, Asker og Troll. Asker vann 3-0. I 1983 var det finalen mellom Setskog og Trondheims/Ørn. Trondheims/Ørn vann 2-1.
Frå 1984 vart dei regionale seriane utvida frå to til tre seriar; på Vestlandet, Austlandet og Trøndelag. Vinnarane av dei tre seriane møttest i ein eigen runde der dei spelte ein kamp mot kvarandre. Dette gjentok seg i 1985, og i 1986 vart òg Nord-Noreg inkludert. Dette vart siste gongen det vart arrangert regionale seriar, då det i 1987 vart innført landsomfattande kvinnefotball. Det er delte meiningar om perioden frå 1984 til 1986 skal takast med i den offisielle statistikken.
Frå 1. divisjon til Toppserien Frå 1987 til 1995 heitte den øvste divisjonen for kvinner 1. divisjon. Laga som spelte i den første sesongen vart valde ut etter resultatet i fjoråret sine regionalbaserte serie, og bestod av ti lag. Utvalet var sterkt austlandsdominert: dei fem beste laga frå Austlandet kom med, saman med dei to beste frå Vestlandet, dei to beste frå Trøndelag og det beste frå Nord-Noreg. Resultatet av det vart at den første serien bestod av Sprint-Jeløy, Asker, Bøler, BUL og Setskog frå Austlandet, Klepp og Sandviken frå Vestlandet, Troll og Trondheims/Ørn frå Trøndelag og Grand Bodø frå Nordland. Akkurat som for herrar, gav serien tre poeng for siger, eitt for uavgjort og null for tap.
Klepp vann den første sesongen, som vart spelt under den regelen at alle kampar skulle ha ein vinnar, og uavgjortkampar gjekk til straffesparkkonkurranse. Vinnaren av straffesparkkonkurransen fekk eit bonuspoeng, og fekk dermed to poeng. Dette systemet vart avgjerande for bronsevinnaren, som vart Asker i staden for Sandviken, som med moderne teljing hadde kome likt med Asker og hadde betre målskilnad.
I dei følgjande sesongane fram til og med 1993 dominerte Asker og Sprint/Jeløy. Dei to laga hadde allereie vunne cupen gjentekne gonger, og dei var blant favorittane. Asker vann serien fire gonger og Sprint/Jeløy to.
I 1994 tok Trondheims-Ørn over hegemoniet, og heldt det i ein lang periode som manglar sidestykke i norsk kvinnefotball. Ørn vann serien fire år på rad, og dei dominerte òg cupen. I 1996 skifta ligaen namn til Eliteserien for kvinner. I 1997 og 1998 heitte serien òg «Polygramserien» etter hovudsponsoren.
Det vart spelt fire sesongar under namnet Eliteserien for kvinner, og Trondheims/Ørn og Asker vann to gonger kvar i dei fire sesongane. Asker sitt første seriemeisterskap i Eliteserien, i 1998, var spesielt imponerande; laget gav ikkje frå seg eit einaste poeng under heile sesongen.
I 2000 skifta ligaen igjen namn, no til Toppserien. Samstundes vart det endringar i den nest øvste divisjonen, som inntil då hadde vore regional. Frå 2001 vart den nasjonal og med ti lag. Røa har dominert med fem sigrar, og Trondheims-Ørn og Kolbotn har vunne Toppserien tre gonger kvar, per avslutta sesong 2011.
Forbundstinget i Stavanger vedtok i mars 2006, at Toppserien for kvinner frå og med sesongen 2007 skulle bestå av 12 lag. Dei 12 laga blei kvalifisert til spel i Toppserien i 2007 på bakgrunn av resultat i 2006 etter følgjande modell: Nummer 1-8 i Toppserien Nummer 1 og 2 i 1. divisjon (Asker og Kattem) Kvalifisering mellom nummer 10 i Toppserien og nummer 3 i 1. divisjon (Liungen og Grand Bodø). Kvalifisering mellom nummer 9 i Toppserien og nummer 4 i 1. divisjon (Klepp og Manglerud Star).
I 2008 innførte NFF Jenteløftet, det vil seie ei satsing på kvinnefotball som blant anna gjekk ut på at laga ville få litt meir pengar, og med færre avgrensingar, og at Noregs Fotballforbund betalte reisa mellom kampane. Jenteløftet vart seinare erstatta av «Klubben som sjef» i 2012, der det vart lagt meir vekt på innsatsen til klubbane.Ny strategi for kvinnefotballen – fotball.no, 7. mars 2012, hetet 13. april 2012
Samarbeid med herreklubbar Topplag, kvinner Periode, kvinner1 Periode, menn2 Asker 1987-2008 1951-1959 Vard 1989 1976 Haugar 1994 - 1996 19813 Molde 1994 1957-58, 1974-1978, 1980, 1982, 1984-1993, 1995-2006, 2008- Stabæk 2009- 1995-2004, 2006-2012 LSK Kvinner/LSK4 2010- 1952-1961, 1975- Vålerenga Fotball 2012- 1948-1952, 1954-1957, 1959-1968, 1973-1975, 1977-1990, 1994-1996, 1998-2000, 2002- 1 Reknast frå 1987 2 Reknast frå 1948 3 FK Haugesund ikkje inkludert 4 Som LSK Kvinner. Sjølv om det stort sett tilhøyrer unntaka, har det skjedd at éin klubb har vore i toppen for både kvinner og menn i fotball. Det første tilfelle av dette er Asker Fotball og Asker Fotball Kvinner. Deretter var det Vard, Haugar og Molde. Av desse er det berre Molde som har vore etablert i Tippeligaen over lengre tid.
I tillegg til desse laga har òg Viking og Fyllingen hatt eit lag i den øvste avdelinga for begge kjønn, då i den tredelte (og firedelte) serien frå 1984 til 1986.
I 2009 satsa Stabæk på Toppserien, etter at dei året før hadde skaffa seg plassen til Asker og flesteparten av spelarane deira. Stabæk rykte dermed ikkje opp til den øvste divisjonen. Sidan herrelaget til Molde rykte ned og damelaget opp i tillegg samtidig, var Stabæk den første klubben som hadde to lag i den øvste divisjonen i tillegg samtidig. I 2010 skifta Team Strømmen til LSK Kvinner, og vart eit samarbeidslag med Lillestrøm Sportsklubb. Per april 2012 er dei to ikkje same lag. I 2012 speler òg Vålerenga Fotball Damer i den øvste divisjonen for kvinner.
I 1. divisjon for kvinner har òg Kongsvinger og Sarpsborg 08 lag. Det er i seinare tid vore snakk om rekordar i forhold til kven som er først for begge kjønn. Rekordlista ser slik ut:
Lag Rekord Asker Første lag som har vore i den øvste divisjonen for begge kjønn (1987) Molde Første lag som har vore i den øvste divisjonen for begge kjønn der herrelaget er etablert i Tippeligaen (1994) Stabæk Første lag som har hatt eit lag i den øvste divisjonen for begge kjønn i tillegg samtidig, og der laget er etablert (2009) Stabæk Første lag som har vunne serien for begge kjønn (2010) Stabæk Første lag som har vunne cupen for begge kjønn (2011) Vålerenga Første lag som har hatt eit lag i den øvste divisjonen for begge kjønn i tillegg samtidig der begge lag har rykte opp til den øvste divisjonen gjennom sportsleg innsats (2012)
Medaljevinnarar og toppskårarar sidan 1984 År Gull Sølv Bronse Toppskårar Mål 1984 Sprint/Jeløy Trondheims-Ørn Nymark IL (Ikkje felles serie) - 1985 Nymark IL Asker Trondheims-Ørn (Ikkje felles serie) - 1986 Sprint/Jeløy Troll Klepp og Grand Bodø (Ikkje felles serie) - 1987 Klepp Sprint/Jeløy Asker Lisbeth Bakken, Sprint-Jeløy 14 1988 Asker Klepp Trondheims-Ørn Linda Medalen, Asker 22 1989 Asker Sprint/Jeløy Klepp Gunn Nyborg, Asker 19 1990 Sprint/Jeløy Asker Klepp Petra Bartelmann, Asker 23 1991 Asker Sprint/Jeløy Sandviken Linda Medalen, Asker 29 1992 Asker Setskog/Høland Sprint/Jeløy Petra Bartelmann, Asker 22 1993 Sprint/Jeløy Trondheims-Ørn Asker Randi Leinan, Trondheims-Ørn 26 1994 Trondheims-Ørn Asker Sprint/Jeløy Kristin Sandberg, Asker 24 1995 Trondheims-Ørn Setskog/Høland Sandviken Randi Leinan, Trondheims-Ørn 31 1996 Trondheims-Ørn Sandviken Asker Randi Leinan, Trondheims-Ørn 27 1997 Trondheims-Ørn Asker Klepp Ragnhild Gulbrandsen, Trondheims-Ørn 24 1998 Asker Trondheims-Ørn Athene Moss Marianne Pettersen, Asker 36 1999 Asker Trondheims-Ørn Klepp Kjersti Thun, Asker 23 2000 Trondheims-Ørn Asker Kolbotn Kjersti Thun, AskerRagnhild Gulbrandsen, Trondheims-Ørn 24 2001 Trondheims-Ørn Kolbotn Arna-Bjørnar Ragnhild Gulbrandsen, Trondheims-Ørn 31 2002 Kolbotn Asker Trondheims-Ørn Marianne Pettersen, Asker 22 2003 Trondheims-Ørn Kolbotn Asker Marianne Pettersen, AskerSolveig Gulbrandsen, Kolbotn Bente Musland, Arna-Bjørnar 15 2004 Røa Trondheims-Ørn Fløya Kristy Moore, Fløya 20 2005 Kolbotn Team Strømmen Fløya Tone Heimlund, Fløya 18 2006 Kolbotn Trondheims-Ørn Røa Elise Thorsnes, Arna-BjørnarTonje Hansen, Kolbotn 19 2007 Røa Kolbotn Asker Melissa Wiik, Asker 22 2008 Røa Team Strømmen Asker Kristy Moore, Fløya 22 2009 Røa Stabæk Kolbotn Lene Mykjåland, Røa 20 2010 Stabæk Røa Kolbotn Lise Klaveness, Stabæk 21 2011 Røa Stabæk Kolbotn Elise Thorsnes, Røa 27 2012 LSK Kvinner Stabæk Arna-Bjørnar Isabell Herlovsen, LSK Kvinner 25 2013 Stabæk LSK Kvinner Arna-Bjørnar Elise Thorsnes, Stabæk 19 2014 LSK Kvinner Stabæk Arna-Bjørnar Debinha, Avaldsnes 20 2015 LSK Kvinner Avaldsnes Røa Isabell Herlovsen, LSK Kvinner 19 2016 LSK Kvinner Avaldsnes Stabæk Isabell Herlovsen, LSK Kvinner 30 2017 LSK Kvinner Avaldsnes Stabæk Guro Reiten, LSK Kvinner 18 2018
Lag med flest seriemeisterskap Oppdatert avslutta sesong 2012. Antall Lag 7 Trondheims-Ørn 6 Asker 5 Røa 4 Athene Moss1,2 3 Kolbotn 1 Nymark2, Klepp, Stabæk, Lillestrøm 1 = Alle seriemeisterskapa under namnet Sprint/Jeløy. 2 = Nymarks og to av Sprint/Jeløys meisterskap var før 1987, og tel ikkje alltid i oversikter.
Lag med flest seriemedaljar Oppdatert per avslutta sesong 2012 Tal Lag 18 Asker 16 Trondheims-Ørn 10 Athene Moss1, Kolbotn 7 Klepp, Røa 5 Lillestrøm² 4 Stabæk 3 Sandviken 2 Nymark, Fløya, Arna-Bjørnar 1 Troll, Grand-Bodø 1 = Ni av medaljane under namnet Sprint/Jeløy. 2 = To medaljar under namnet Setskog/Høland og to under namnet Team Strømmen.
Namneendringar Denne tabellen viser først klubbar som har skifta namn, det vil si der kvinnelaget anten berre har skifta namn eller gått ut av den tidlegare klubben og danna ein ny. Dette inkluderer lag der kvinnelaget forsvinn, men klubben held fram med anna. I den andre delen viser tabellen lag som har tatt over plassen til andre lag gjennom avtale. Det tar ikkje omsyn til lag som rykker opp som resultat av at lag trekker seg, men avtalar der ein klubb tar over plassen til ein annan klubb og som oftast spelarar. Den siste delen tar med lag som aldri har vore i den øvste divisjonen, men som likevel har vore med i kvinnefotball i lengre tid.
Noverande namn Tidlegare namn Opphavlege namn Amazon Grimstad (1999-) Jerv Arna-Bjørnar (2001-) Bjørnar Idrettslag(??-2001)Arna Turn og Idrettslag (-2001) ÅdnamarkaArna Turn og Idrettslag Rapid/Athene Athene Moss (1997-2001)1 Sprint/Jeløy (-1997) Fortuna Ålesund (1991-) Guard (nedlagd)2 Nittedal Gjelleråsen (nedlagd) Fotballklubben Larvik (1997-2010) HalsenNanset Linderud-Grei Linderud ILSF Grei LSK Kvinner (2010-) Team Strømmen (2002-2009) Setskog-Høland (1989-2001) Setskog (-1989)Høland (-1989)Lag som har teke over plassen, men ikkje laget Ny klubb Mellomstadion Tidlegare klubb Fortuna Ålesund SIF/Fortuna Spjelkavik Stabæk AskerLag som ikkje har spelt i Toppserien Noverande namn Tidlegare namn Opphavleg namn Raufoss (2010-) Gjøvik Fotballklubb (2005-2009)Gjøvik/Reinsvoll (2002-2004)Gjøvik Fotballklubb (1996-2002) Raufoss/Vind Urædd Bamble Stathelle 1=Topplaget vart nedlagt, men Athene Moss finst framleis på J16-nivå og nedover. 2=Nedlagd på elitenivå. Spelar framleis for junior.
Lag i kursiv har ikkje spelt i den øvste divisjonen, men vert teke med for å sjå på tendensen. Lag i feit skrift er namnet laget brukte i den øvste divisjonen
Fortuna Ålesund og Stabæk tok derimot ikkje over respektive Spjelkavik eller Asker, og dermed reknast dei som separate eininga mellom anna i maratontabellen.
Av langt mindre dramatiske skifte var den at Trondheims/Ørn bytta til Trondheims-Ørn i 2003. Troll vart til Rindals-Troll. Kattem heitte ei stund Kattem/Leinstrand.
Utbreiing